Styret i Noregs Idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité vedtok i sitt styremøte 14. mars 2023 at dei seier ja til nasjonalanlegg for vektløfting i Førde. Det skriv vektløftarforbundet i ei pressemelding torsdag føremiddag:
– Noregs Vektløftarforbund er både stolte og audmjuke over denne tilliten frå Noregs Idrettsforbund, og vil stå på vidare for å vise oss tilliten verdig.
Det skriv president i Noregs Vektløftarforbund (NVF) Stian Grimseth i pressemeldinga.

Får meir pengar til vektløftings-VM i Sunnfjord
Sunnfjord kommune har vore – og er ein svært viktig støttespelar for Noregs Vektløftarforbund, presiserer forbundet i pressemeldinga.
– Dette er veldig gledeleg, og ei stor anerkjenning av det sterke vektløftarmiljøet vi har i Sunnfjord. Å bli innstilt som nasjonalanlegg er ei stor ære og ei fjør i hatten til alle som i mange år har jobba for å få til dette. Eit slikt anlegg vil tene fleire idrettar i regionen vår, seier ordførar i Sunnfjord Kommune Jenny Følling.
Det var VG som melde om vedtaket først.
Firda kjem tilbake med meir.
