Regjeringa foreslår ein eigen straumpakke retta mot idrettslag og frivillige organisasjonar.

Desse har hittil ikkje vore omfatta av straumstøtteordningane, men mange har opplevd å få ekstraordinært høge straumrekningar i vinter.

– Dei høge straumprisane har skapt store utfordringar for svært mange lag og foreiningar. Dei har stått i fare for å anten måtte kutte i aktiviteten eller krevje auka deltakaravgifter for å betale rekningane sine, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap).

– Det ville gått direkte ut over fritidstilbodet for barn og unge, som allereie har ofra mykje gjennom pandemien. Eg er derfor veldig glad for at regjeringa no lagar ei ordning for å gi eit tilskot som kan dekkje delar av desse utgiftene, seier ho.

Straumstøtta til frivillige organisasjonar skal fordelast i kommunar som har hatt ein gjennomsnittleg straumpris i desember på over 70 øre per kilowattime. Kommunane skal deretter fordele tilskotet til lokale lag og foreiningar. Ordninga skal vere enkel og innebere minst mogleg papirarbeid for organisasjonane.