Satsar på tennisbaner i Førde til sommaren

HAFSTADPARKEN: Planen er å legge tennisbanene på denne plassen i Hafstadparken. Den skal stå klar allereie i sommar.

HAFSTADPARKEN: Planen er å legge tennisbanene på denne plassen i Hafstadparken. Den skal stå klar allereie i sommar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

IDRETT: Førde tennisklubb har fått godkjent søknad om spelemidlar. No vil dei komme i gang med bygginga allereie i sommar.

DEL

– Det er fantastisk, vi hadde ingenting då vi begynte med desse planane i august i fjor. Det er utruleg at vi har greidd å finansiere banene allereie, seier ein entusiastisk leiar for Førde tennisklubb, Bård Åsnes.

På eitt år har tennisklubben fått samla inn 400.000 kroner, både frå privatpersonar og frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Bana vil koste omkring 600.000 kroner. Dei resterande midlane vart det klart at dei ville få, då søknaden om spelemiddel frå staten vart godkjend.

NØGD: Leiar i Førde tennisklubb Bård Åsnes synest det er fantastisk at dei har fått på plass finansiering til tennisbanane på under eitt år.

NØGD: Leiar i Førde tennisklubb Bård Åsnes synest det er fantastisk at dei har fått på plass finansiering til tennisbanane på under eitt år. Foto:

Banene vil bli bygt i Hafstadparken. Førde kommune blir prosjektleiar for bygginga og vil eige banene, og dei står som søkar på spelemidlane. Dei satsar òg på at banene skal komme på plass i løpet av sommaren, sjølv om det førebels er uklart når spelemidlane vil vere på plass.

– Dei kan hamne i kø slik at vi ikkje får dei før om eit år eller lenger, men vi håpar dei vil komme i vår. Viss ikkje får vi vurdere andre alternativ, som å låne pengar til spelemidlane kjem, seier Trond Ueland, kommunalsjef for kultur i Førde kommune.

Både kommunen og tennisklubben trur målet om å ha banene klare i sommar er godt innanfor rekkevidd. 

Artikkeltags