– Denne handlingsplanen er ein viktig milepåle i arbeidet for denne fascinerande ugla. Vi må minke dødelegheita og ta betre vare på leveområda til hubro for å stogge bestandsnedgangen og sikre ein langsiktig overleving av arten i Noreg, seier statssekretær Aleksander Øren Heen (Sp) i ei pressemelding.

Tysdag denne veka var han med Statens naturoppsyn (SNO) på rovfugltokt i Ytre Sogn. Målet for turen er reirkontroll i samband med overvaking av både hubro, havørn og kongeørn.

Hubroen er i kategorien sterkt truga på raudlista frå 2021. Bestanden i Noreg er rekna å vere ei plass mellom 451–681 hekkande par.

Hubroen lever eit anonymt og tilbaketrekt liv. Om dagen sit ho gjerne godt skjult under ein berghammar eller i tett vegetasjon, og om natta jaktar ho bytte på lydlause vengjer med eit spenn på opp til heile 185 cm.

Sikre bestanden

Måla i den oppdaterte handlingsplanen er å stoppe ytterlegare nedgang i bestanden. Elektriske støyt og kollisjon med kraftlinjer, øydelegging av leveområde, miljøgifter, næringsmangel og forstyrring frå menneskje er rekna som dei viktigaste årsakene til tilbakegangen.

Hubroen har hatt ein eigen handlingsplan sidan 2009. Den nye planen vidarefører mange av dei vellykka tiltaka frå den fyrste planen, men inneheld òg nye satsingar. Mellom anna skal ein auke innsatsen for styrking av kompetansen til saksbehandlarar i kommunar og fylkeskommunar. Vidare skal ein utarbeide ei forvaltningshandbok for hubro som eit verktøy for å vareta omsynet til ugla i arealplanlegging og sakshandsaming.

Det langsiktige målet er å legge til rette for at arten i størst mogeleg grad kan reetablere seg og sikre ei sjølvrekrutterande populasjon i tidlegare utbreiingsområde.

Revolusjonerande overvaking

For to år sidan vart overvakinga av hubro styrka gjennom eit nasjonalt overvakingsprogram for arten.

Kunnskap er ein avgjerande føresetnad for å kunne ta betre omsyn til hubroen. Bruk av lytteboksar som blir plasserte ut i terrenget for å fange opp den lågmælte hukringa til hubroen, har revolusjonert kartleggingsarbeidet og gitt gode resultat mellom anna i Ytre Sogn.

– Vi har både mogelegheit og plikt til å redusere risikofaktorane for hubroen. Undersøking av reirplassar syner at hubro har nytta same reirplass i fleire hundre år. Det understrekar betydinga av å ta omsyn til hekkeplassane. Vidare kartlegging og overvaking er heilt sentralt for å kunne målrette tiltaka enda betre og å handtere arealkonfliktar som omfattar hubro, seier Heen.