I morgon er det stenging her frå klokka 07.00

TUNNELARBEID: Nordheitunnelen på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde er stengt inntil to timar i gongen medan arbeidet i tunnelen går føre seg. Arbeidet skal etter planen avsluttast siste veka i oktober.

TUNNELARBEID: Nordheitunnelen på fylkesveg 609 mellom Askvoll og Førde er stengt inntil to timar i gongen medan arbeidet i tunnelen går føre seg. Arbeidet skal etter planen avsluttast siste veka i oktober. Foto:

DEL

Det har sidan i mai vore arbeid i Nordheitunnelen på fylkesveg 609 mellom Førde og Askvoll.

Fram til no har arbeidet starta først i titida på måndagar. Det har gitt pendlarar litt større fleksibilitet denne dagen.

Denne måndagen, og truleg eit par måndagar fram i tid, vil arbeidet i tunnelen ta til klokka 07.00. Årsaka er at dei no er begynt å legge matter i tunnelen, og dei som gjer dette arbeidet treng tida.

Arbeidet vil altså gå føre seg frå klokka 07.00 til 18.30 måndag til onsdag. Torsdag vil det bli arbeid i tunnelen mellom klokka 07.00 og 13.30. Fredagar og i helgane er det ikkje arbeid i tunnelen.

Trafikken blir sleppt forbi til faste tider. Der er ope for gjennomkøyring på følgande tidspunkt:

Fram til 07.00

07.35–07.45

08.20–08.30

10.05–10.10

11.30–12.00

12.40- 12.45

14.00- 14.05

14.55–15.00

15.30–16.30

17.30.–17.35

Arbeidet blir avslutta klokka 18.30, og tunnelen er då open til neste morgon klokka 07.00

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken