I ettermiddag og kveld gjennomfører InFact ei meiningsmåling på vegner av Firda. Folk i Sunnfjord kommune kan vente seg ein telefon frå InFact sitt automatiserte intervjusystem.
– Vi ønsker å ta temperaturen før haustens kommuneval. Samtidig nyttar vi sjansen til å spørje om innbyggarane sine haldningar til lokale kampsaker som til dømes vindkraft, eldreomsorg og fotballhall, seier nyheitsredaktør i Firda, Øystein Silde Frønsdal.
Meiningsmålinga kan vere utgangspunkt for fleire interessante saker og bli ein del av debatten i tida fram mot valet.
– Vi håpar flest mogleg svarar, slik at vi får eit representativt bilde. Kva er vel betre enn kombinasjonen meiningsmåling og soling? Dei minutta har du. Håpar vi, i alle fall!

Vestland skal redusere ferjeutslepp med opptil 95 prosent
