– Framdriftsplanen tilseier levering i desember, fortel Jan Heggheim, administrerande direktør for Musea i Sogn og Fjordane.

Heggheim seier dei er godt i rute i høve framdriftsplanen. Den inneber innflytting ved inngangen til 2024.

– Det er ingen avvik som kan føre til forseinking. Vi håpar faktisk å kunne slå framdriftsplanen.

Avtalen vart signert i november 2022. Kostnadsramma på første byggefasen er 76 millionar kroner.

Då får titusenvis av museumsgjenstandar optimal oppbevaring, og blir meir tilgjengeleg for publikum. Det ser Heggheim fram til.

– Det blir så kjekt å ta dette bygget i bruk.

Samtidig som det blir ein stor jobb. Heggheim seier det er ved innflytting arbeidet startar for alvor.

– Det er eit godt høve til å gå gjennom samlinga og sortere. Det inneber også at mykje må avhendast.

Det har også ei positiv side.

– Vi får høve til å ta inn nye gjenstandar. Vi har hatt inntaksstopp no.

Snart vil du sjå endringar

Eit godt halvår inn i byggearbeidet tilseier det meste at det skal gå. Dei er stort sett ferdig med den delen av arbeidet der det kunne oppstå overraskingar.

– Vi har teke vekk masse på baksida av bygget og isolert, for å hindre inntrenging av fukt. Det er den viktigaste delen. Vi skal også bore brønnar for jordvarme.

Ofte kan ein møte utfordringar med grunnforhold når ein grev.

– Det har gått utan større overraskingar. No held vi på med rominndeling innvendig.

Snart blir endringane synlege. Veka etter 17. mai kjem fasadeplatene.

– Då byrjar montering av desse, og bygget kjem til å endre farge og karakter.

Parallelt skal uteområdet rundt bygget ordnast. Utover hausten kjem det meste av arbeidet til å handle om å få bygget ferdig på innsida.

Fase to

– Trinn éin handlar om å skape gode lagringsvilkår for kunsten.

Og det er på høg tid, seier Heggheim:

Første gong han høyrde om desse planane var alt i 1990.

– Som ungdomspolitikar på fylkestinget. Det har teke si tid. Dette med dårlege lagringsforhold er dessverre ikkje unntaket, det er meir regelen over heile landet.

Anbodet på prosjektet overgjekk kalkylen grundig, opplyser Heggheim. Difor måtte dei redusere prosjektet litt, og dele opp i to fasar. Den første fasen handlar om å få gode lagringsvilkår. Den neste handlar om å få på plass publikumsfasilitetar.

– Då blir det mogleg for studentar, skuleklassar å vitje her. Og dessutan at folk som har interesse for eit sett gjenstandar kan komme hit og oppleve dei.

– Eit namn som vekker ei form for undring

Medan arbeidet held på har også fellesmagasinet fått namnet sitt: Tinghuset. Det dukka opp tilfeldig, før dei rakk å lyse ut ein namnekonkurranse. Konservator ved Nordfjord Folkemuseum, Ingrid Berger, kom dei i forkjøpet

– Vi sat i lunsjen og prata om at «Fellesmagasinet» var eit så tungt namn å seie.

Medan drøset gjekk, datt det inn: Tinghuset!

– Det er jo det magasinet er, ting i eit hus. Det er ein litt morosam leik med ord, eg håpar namnet kan gje litt merksemd. Eg er veldig nøgd, kjekt at det vart det, seier Berger.

Det fall i smak, delvis fordi det har ei dobbelttyding, og vekker undring.

– Det er eit beskrivande ord, eit hus der vi har ting. Eit «magasin» kan ha mange andre tydingar. «Tinghuset» gjev meining for folk når dei først har knekt koden, seier Thomas Walle, avdelingsdirektør for forsking og bevaring ved Musea i Sogn og Fjordane.

Han seier dobbeltheita i namnet peikar på kva Tinghuset skal vere: Oppbevaring og formidling.

– Publikum skal få ei forståing av kvifor vi tek vare på det vi gjer, og at vi gjer det på vegner av fellesskapet. Tinghuset er ein stad der vi vurderer kva som er viktig å ta vare på, eller kva som ikkje skal takst vare på.

Han har stor tru på at dialog om gjenstandane og inkludering i prosessar, vil gje publikum større forståing og eigarskap til kulturarven.

– Vi vil til dømes invitere til diskusjonar om kva som er viktig å ta vare på av notidas gjenstandar for framtida. Samtidig tydeleggjer det at vi sit med eit mandat for å gjere desse vurderingane på vegner av fellesskapet, litt som ein dommar gjer i eit tinghus, seier Walle.