I Høyanger får du denne leilegheita til under 300.000 kroner. I Førde hadde den kosta to millionar, ifølge meklaren
Om nokon hadde spurt deg kva leilegheit du får for 300.000 kroner, hadde du kanskje sett føre deg ei lita leilegheit med dårleg standard. Men slik treng det ikkje å vere. Ikkje om du vil bu i Høyanger.