– Eg har det eigentleg veldig bra, seier Paulsen nokre dagar seinare:
– Det går ikkje ut over verken livskvalitet eller politisk engasjement.
Ho beskriv det som ei artig oppleving å vere med i ordførarkampen.
– Vi visste at vi prøvde på noko som eigentleg var umogleg. Du treng ikkje utdanning i statistikk for å innsjå at sjansen var liten.
Ho seier ein ikkje kan vere redd for å likevel prøve å utfordre det beståande.
– Det skaper merksemd og engasjement i politikken og motverkar politikar-trøyttleik. Om ein ikkje utfordrar, får ein verken resultat eller endring.
– Så du hadde ikkje ein ferdigskriven permisjonssøknad i veska?
– Nei.
Fann kortreist kjærleik i Bergen
Paulsen er fødd i 1973, og vaks opp i Davik.
Då tida var inne for utdanning reiste ho til Bergen for å studere jus. Der fann ho kjærleiken, i form av lærarstudent Hallgeir Hamre. Passande nok vaks også han opp i Davik.
– Vi var ikkje kjærastar før vi møttest i Bergen, seier ho og ler.
Det enda med flytting til Nordfjordeid i 2000. Barna Guro (21) og Ingeborg (18), kom til verda der.
– Eg byrja som advokat i Måløy, og seinare dommarfullmektig på Nordfjordeid.
Hamre fekk jobb på ungdomsskulen på Eid. Og vann med det, uventa, retten til å ikkje pendle.
– Forholdet vårt er nok litt prega av at eg kjem med ein idé, og han er den som må tenke litt meir over ting. Eg er den rastlause av oss.
I 2007 følte ho behov for å prøve noko anna i yrkeslivet. Valet stod mellom Bergen, Ålesund eller Førde.
Dei ønskte ein kombinasjon av trygge oppvekstvilkår og ein spennande jobbmarknad. Det fann dei i Førde: Hamre fekk jobb som assisterande rektor, Paulsen i Stiftelsestilsynet.
Etter flyttinga kom også tredje barn, Hans Kristian (14).
At dei flytta dit, var litt tilfeldig. At dei har blitt i 16 år, er ikkje det.
– Førde er ein god stad for ungar å vekse opp. Det var viktig for oss. Sidan har vi grodd fast, fordi vi trivst utruleg godt.
Dreia mot venstre
Karrieren som politikar byrja med ein telefon frå Kurt Hafstad i 2011, med spørsmål om ho ville stå på Venstre si liste til kommunevalet.
Ho beskriv seg sjølv som ein ukueleg optimist, med samfunnsengasjement. Ho vaka i tillegg i det rette politiske landskapet, mellom Høgre og Venstre. Det enda med ja. Eit svar som kjem lett for Paulsen.
– Eg er glad i folk, i å utfordre meg sjølv og at det skjer ting. Og eg lurer alltid på kva som ventar rundt neste sving. At det vart Venstre skuldast også at eg er oppteken av klima- og miljøperspektivet. Der meiner eg vi er betre enn Høgre. Dei blir litt seige, seier ho med glimt i auga.
– Høgre er meir traust, i Venstre er vi svoltne og kjappe. Det er landskapet eg trivst best i.
Ho beskriv seg som sosial liberal, med sterk tru på folk og næringsliv.
– Eg vil at dei skal få høve til å ta ut potensialet sitt, samtidig som ein må ha eit tryggleiksnettverk. Nokre store avgjersler må ligge hos staten.
Politisk ligg ho lengst unna dei raudaste partia. Om bodskapen er at staten veit alt best, så vaknar rebellen i ho:
– Eg vil bestemme meir sjølv, og dei fleste avgjersler må takast nærmare næringslivet og folk.
Deilige dagar i Davik
Ein hektisk haust krev påfyll: For Paulsen handlar det om hytta i Davik.
– Å komme dit ein fredagskveld, sette seg ved vindauget og sjå ned på fjorden, det er fantastisk. Då kjem roa. Det er heimbygda, som har gitt tallause gode opplevingar både i eigen barndom, og i form av den gode plussida med ungane:
Foreldra bur i Davik, så det er også eit høve til å dele opplevingar: Far hennar brukar å sette ut garn og krabbeteiner.
– Å dra dei opp ein laurdag morgon, og berre vere i augneblikket, det gir fred i sjela.
I kvardagen finn ho frisoner i litteraturen. Etter siste debatt på Gaularmarknaden var valkampen over: På veg heim kjøpte ho ein boks is:
– Og kraup opp i sofaen, med boka Søsterklokkene av Lars Mytting. Då koplar eg heilt ut, og kryp inn i det universet.
Den avkoplinga er litt i spel: Telefonen stel mykje fokus.
– Ein er påkopla heile tida: Du skal berre svare på ein mail eller sjekke nettaviser. Eg har blitt dårlegare på å konsentrere meg over tid.
Som ambisiøs politikar har ho sjølvsagt eit prosjekt for å bli flinkare til det igjen.
– Eg har byrja å strikke. Det er eg så dårleg til at eg konsentrerer meg. Eg kan ikkje sjå på TV, eg må sjå på pinnane og telje masker.
Og eigentleg er ho god til å kople av når det krevst.
– Eg trivst med å ha det hektisk, men det er avgjerande å kunne kople av for å stå i det over tid.
Det blir også mykje jobb på ektemann Hamre, som er rektor på Førde Ungdomsskule. Og i år sette valkampen stogg for eit fast ritual:
– Det er første hausten eg ikkje har vore med Hallgeir og telt bøker ved skulestart.
Ikkje den nye Atle Hamar
Jobben som lokka ho til Førde var i Stiftingstilsynet, som var under oppbygging i 2007.
– Lotteri- og stiftingstilsynet er ein organisasjon som eg er veldig glad i. Det var eit viktig tilskot til arbeidsmarknaden i Førde. Eg fekk vere med på ein stor del av reisa med å bygge eit nasjonalt tilsyn i Førde.
Og både der og i politikken byrja ho langt nede på lista:
– Det har gått gradvis oppover, seier ho og ler.
– Eg er den einaste i tilsynet som kom inn som sakshandsamar og gjekk fram til direktør.
Både der og i politikken har ho samanfallande karriere med Atle Hamar!
– Likskapen er tilfeldig, seier ho og smiler.
– Eg kjente han ikkje før eg byrja i jobben. Som leiar er han flink til å løfte fram medarbeidarar, han gir moglegheiter og utfordrar dei. Både i jobb og i politikken.
Det er Paulsen også oppteken av.
– Eg er veldig glad i meiningsbryting, og i å prøve å skjønne kvifor motparten tenker ulikt om ei sak. Når ein kjem til bordet med ulike syn, som begge kan ha gode sider, finn ein ofte gode, varige løysingar gjennom dialog.
Ho beskriv seg sjølv som leiar med at ho er tydleg på kva forventingar ho har, og kva målet er.
– Eg er open for å diskutere både vegen og målet, men det kan ikkje ende i tallause allmannamøte, ein må til slutt skjære gjennom og lande. Då må ein vere lojal til avgjersla.
På nokre punkt skil ho veg med Hamar, kraftig:
– Eg samlar verken på vinyl eller veteranbilar. Og eg er dårleg på alpint.
Ingen ambisjonar om Stortinget
– Både jobb- og familieliv krev sitt: Kvifor vel du å stå i det å vere politikar?
– Det har eg spurt meg om, mange gonger. Det botnar i eit samfunnsengasjement. Som politikar får du vere med på å påverke korleis samfunnet utviklar seg.
Og ei erkjenning av kven ein er: Det er ikkje trening og fjellturar som gir ho energi, det er politikk.
– Politikken tappar meg ikkje for energi, den gir meg energi.
Og då blir det stort sett kjekt.
– På dei beste dagane i politikken, tenker eg av avgjerslene blir betre fordi eg er der. På dei verste tenker eg at eg kunne blitt heime, fordi handlingsrommet ikkje er der. Eg har vore i tvil om eg skulle stille på lista igjen.
Årsaka kokar ned til tidsklemma.
– Eg har ein jobb der eg kan jobbe så mykje eg vil. Familie og jobb prioriterer seg sjølv. Politikken tek av fritida mi utom. Det blir mindre tid til å gjere ting eg har lyst til.
Det sa ho til ektemannen ved førre korsveg. Svaret var kort:
– «Kva tenker du å bruke den tida på, som gir deg meir energi enn politikk». Hallgeir er ein veldig god diskusjonspartnar: Å få vere med på å utvikle lokalsamfunnet vårt gir meg meir enn kva det kostar.
Ho har takka nei til å stå på val til fylkesting og storting.
– Mitt engasjement ligg i lokalsamfunnet.
Upolitisk ferie – nesten
– Kva ser du mest fram til akkurat no?
– Eg fyller 50 år i desember, så eg har kjøpt gåve til meg sjølv: Familietur til USA i haustferien. Då skal eg berre vere mamma og kjæraste, og vere med flokken min, heilt vekke frå både jobb og politikk.
USA og ei veke til rådvelde krev harde prioriteringar. Boston stod på lista, men rauk ut.
– Ungane har kjempelyst til USA, og eg vil til hovudstaden, Washington DC.
– Her føler eg at eg må arrestere deg litt: Det reisemålet luktar litt politikk?
– Det er ein ironisk tvist, seier ho og ler:
– For ein over snittet politisk person er Washington ein utruleg spennande og ikkje minst historisk plass å vitje.
I opposisjon
No ventar fire år i opposisjon. Det er ei ny erfaring for Paulsen, som ho beskriv som motiverande.
– Eg er oppteken av samarbeid og av å finne gode løysingar. Eg jobba konstruktiv i posisjon, og det har eg tenkt å gjere i opposisjon. Eg har samarbeidd godt og tett med Jenny i fire år. Målet er å halde fram med det.
Paulsen beskriv Jenny Følling som ein rutinert og dyktig motstandar i kampen om ordførarkjeda.
– Eg har stor respekt for Jenny og jobben ho gjer. Eg lanserte meg sjølv som ordførarkandidat, vel vitande om at eg var ein nykommar på den arenaen. Men er er ikkje redd for å utfordre og kaste meg i det. Eg har ein tryggleik i botnen, i form av familie, gode vener og eit yrke eg kan falle tilbake på.
Ho trivst godt i jobben som advokat og partnar i PWC, der ho jobbar tett på og med næringslivet.
– Både lokalt og mot nasjonale kundar. Oppgåvene er spennande, og eg har flinke, kjekke kollegaer.
Trass at ordførarkjeda glapp, kan Paulsen glede seg over framgang: Venstre gjekk frå to til fire representantar i kommunestyret.
– No skal vi fokusere på å bygge lag, og fleire profilar i partiet. Det er vi i god posisjon til. Det gir meg glød.
Spesielt gleder ho seg over framgang i heimbyen Førde.
– Som politikar kan ein ikkje ende opp som ein overadministrasjon. Ein må ha ambisjonar og eit prosjekt for kva ein vil. Vi må vere med og peike retning og skape utvikling, ikkje berre drifte
Ho gler seg til å møte det nye kommunestyret.
– Og til å etablere nye relasjonar, og finne ut korleis vi kan jobbe godt i lag. Eg trur alle i kommunestyret vil gode ting for Sunnfjord. Vi finn løysingar og står samla i dei store, viktige sakene. Det har vi vore flinke til i Sunnfjord.
Det håpar ho skal halde fram.
– Det ligg eit stort ansvar på koalisjonen som skal styre: Dei må involvere oss om står på utsida, og anerkjenne at vi kan ha gode løysingar også. Slik eg kjenner Jenny, trur eg ho vil jobbe for det.
Nye korsvegar ventar
– Det er mest politikk og arbeidsrelatert informasjon ein finn når ein søker på deg. Er du ein litt privat person?
– Det ser sikkert ikkje slik ut etter valkampen, men eg er ikkje så glad i å eksponere meg. Om eg har ein grunn til det, går det fint. Elles unngår eg det.
Det er litt urettferdig å stille spørsmålet, til ein opposisjonspolitikar nokre dagar etter valet:
– Kven blir ordførar om fire år?
– Den som visste det, seier ho og ler.

Dag Fiske skulle eigentleg ikkje bli politi. No er han øvste sjef for politiet i Sogn og Fjordane
