Gå til sidens hovedinnhold

I fjor vart ho kåra til Årets unge radioprofil. I år er Arian (26) nominert til ny pris

Artikkelen er over 1 år gammel

Også utspørjing i «God ettermiddag Sogn og Fjordane» er nominert til ein av prisane.

Torsdag vart dei nominerte til årets Prix Radio offentleggjort. Arianrhod Engebø frå Førde er nominert til prisen Årets programleiar, i konkurranse med Jørn Kaarstad (Radio Rock), Jonas Bergløv (NRJ), Even Rognlien (P4) og Torkil Torsvik (Radio Rock).

I fjor var vann Engebø prisen for Årets unge radioprofil.

Førdianaren har jobba i NRK P3 i snart tre år og har sitt eige radioprogram som går måndag til fredag. Før dette var ho nynorskpraktikant i NRK i Førde.

Også utspørjinga av Jon Askeland i «God ettermiddag, Sogn og Fjordane» på NRK P1 er nominert i kategorien Årets intervju.

Årets prisutdeling er digital og blir halde fredag 30. oktober. Totalt skal det delast ut 23 prisar. Sjå kven andre som er nominert her.

Les også

Firda kåra til «Årets lokale nyheitsnettstad»

Les også

Arian (25) har hatt eige program i eitt år. No har ho også fått fast jobb

Les også

Arian (25) fekk gjev pris. Førde-fjes regjerte radio-prisshow

Kommentarer til denne saken