I fjor utbetalte NAV 140 millionar kroner i Vestland kvar dag

I Vestland utbetalte NAV til saman vel 51 milliardar kroner i statlege ytingar i 2019.

DEL

(SOGN AVIS): Berre Viken som er det klart største fylket i landet, hadde større utbetalingar.

På landsnivå utgjorde utbetalingane tett oppunder 447 milliardar kroner. Vestland sin del av dette utgjer 11,4 prosent, skriv NAV Vestland i ei pressemelding.

Store skilnadar mellom kommunar

Når tala vert brotne ned på beløp per innbyggjar, er det store skilnader mellom kommunane.

Sogndal (73 673 kroner) og Sunnfjord (74 847 kroner) har lågast kronebeløp per innbyggar, medan Tysnes (98 654 kroner) og Fedje ( 98 644 kroner) har høgast.

– Dei viktigaste årsakene til skilnad mellom kommunane er alderssamansetjing, ettersom pensjon er inne i desse tala, og næringsstruktur som mellom anna påverkar uføregrad i folkesetnaden sterkt, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.

Forventar andre tal

Om lag halvparten av innbyggarane i landet mottek ei yting frå NAV minst ein gong i året. Alderspensjon er den klart største einskildytinga med 26,9 milliardar utbetalt, og utgjer om lag 53 prosent av ytingane i fylket vårt. På andreplass kjem uføretrygd med 9,4 milliardar kroner.

– NAV forvaltar om lag ein tredel av statsbudsjettet, og denne oversikten syner utviklinga gjennom 2019 der me noterer ein auke på tre prosent jamført landet med fire prosent, seier Bogsnes.

I fjor betalte NAV ut 1,1 milliardar i dagpengar til heilt ledige og permitterte i Vestland, medan beløpet til sjukepengar var over fire gongar større med 4,8 milliardar.

Utviklinga på arbeidsmarknaden var svært positiv gjennom 2019 i Vestland, men dette bildet har endra seg fullstendig den siste månaden. No er NAV-direktøren uroa for framtida, også med tanke på oljeprisutviklinga og ringverknader for leverandørindustrien.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken