I fjor stod det tolv stykk på denne startstreken, i år er dei 95: – Det er heilt ekstremt

I dag blir Sunnfjord Ultra, eit terrengløp på 53 kilometer, arrangert for andre gong, og deltakinga frå i fjor har åttedobla seg. – Korona har sett ein stoppar for løp i heile landet, så då kjem folk hit, seier arrangør Terje Lyngstad.