I vårt område er det i dag varsla ein snittpris på 3,83 kroner per kilowattime (kWh), og ein makspris på 5,04 kroner som skjer mellom 17.00 og 18.00, ifølgje Nord Pool.

Årsaka til dei høge prisane er kaldt vêr, som igjen fører til at forbruket til oppvarming aukar.

– Vi ventar veldig høge prisar denne veka, seier kraftanalytikar Ole Tom Djupskås i Refinitiv til E24.

Prisen som straumbørsen Nord Pool opererer med er berre den reine kraftprisen. Den er oppgitt utan nettleige, avgifter som moms og påslag til straumselskapa. Nettleiga varierer mykje mellom ulike nettselskap. Eventuell straumstøtte blir trekt frå på straumrekninga.

Straumprisane i Norge vert samtidig påverka av situasjonen i landa rundt. Sør-Norge spesielt er knytt saman med Europa og Sverige gjennom fleire utanlandsforbindelsar, skriv E24.

Kraftanalytikaren trur døgnprisane i det sørlege Norge vil liggje i overkant av 4,5 kroner kilowattimen, med høgare prisar i enkelttimar. Temperatur og vindkraft blir også viktig for utviklinga framover, meiner Djupskås.

Neste veke er det meldt mildare vêr, og då trur Djupskås at ein vil sjå ein nedgang i prisane.

Firda skreiv først at snittprisen ville vere 4,33, og maksprisen 6,65. Dette stemmer ikkje for våre område. Feilen vart retta klokka 13.18.