Det tredje og siste av trillingskipa til ESVAGT blei måndag levert frå Havyard Leirvik. Til saman har verftet levert seks havvind-skip og har med det ein sterk posisjon i dette segmentet.
Det skriv Havyard i ei pressemelding.
På under eitt år har skipsbyggarane ved Sognefjorden levert tre vindmølleskip av HAV 831 SOV-design til danske ESVAGT. Dette har skjedd i eit år der koronapandemien har gitt heilt nye utfordringar innan ressurs- og materiellplanlegging.
– Fleksible
Prosjektleiar Vegard Skår seier at Havyard Leirvik gjennom denne perioden har vist at dei er omstillingsdyktige og fleksible. I tillegg framhevar han samarbeidet med underleverandørar som har «gått den ekstra mila», for å sikre et godt resultat for reiarlag og mannskap.
– På skip nummer tre ser vi verkeleg søsterskip-effekten. Vi får utruleg gode tilbakemeldingar frå leverandørar, reiarlag og klasseselskap, og alle som har vore med på å bygge dette skipet kan vere stolte av resultatet, seier Skår.
Kvaliteten på arbeidet som er utført viste seg under prøveturen, som blei avslutta før det var planlagt.

Dei skal elektrifisere to ferjer - og får 200 millionar for jobben
Overlevering
Overleveringa måndag var den tredje i same serie, men er det sjette vindmølleskipet frå verftet ved Sognefjorden til havvind-pioneren i Danmark. Vegard Skår framhevar det gode samarbeidet med ESVAGT.
– Vi har no samarbeida med ESVAGT på så mange prosjekt at vi kjenner både system, forventningar og tilsette. Det er derfor ei glede å få overlevere et så godt skip, av ein så god kvalitet til reiarlaget.
Solid plassert i det grøne skiftet
Administrerande direktør ved Havyard Leirvik Tor Leif Mongstad, seier i pressemeldinga at seks leverte skip til havvindindustrien gir Havyard Leirvik ein svært sterk posisjon i dette segmentet, i tillegg til at verftet er marknadsleiande innan batteriferjer.
– Med våre referansar både frå batteriferjer og vindmølleskip, i tillegg til at vi no har ombygging og elektrifisering av ferjer for fleire ferjereiarlag, står vi solid plassert innan det grøne skiftet på sjøen.
Ombygging og reparasjonar
Havyard Leirvik satsar nå også på ombyggingsoppdrag og reparasjonar.
– Vi har god plassering og innebygd dokk som gjer at vi kan utføre tradisjonelt sommararbeid også om vinteren. Vi har også på plass riktig bemanninga og er godt rigga for framtida.
Verftet er nå i innspurten av arbeidet med ein brønnbåt til Frøy som skal leverast tidleg i november. I tillegg har de fleire ombyggingsoppdrag og ferjedokkingar for ulike ferjereiarlag saman med ulike service- og reparasjonsoppdrag og dokka er stort sett oppfylt til neste år.
