Gå til sidens hovedinnhold

I dag gjer straumprisen eit byks: Varslar gigantisk straumsjokk

Det kan vere smart å droppe å lade elbilen torsdag.

NETTAVISEN: Om 2020 var eIt skrekkår på så mange måtar, var vi i alle fall velsigna med låge straumprisar. I store delar av året låg spotprisen ned mot nokre få øre.

Sjølv i mars hadde ingen dagar ein spotpris på over 10 øre – dei fleste straumkundar har ein avtale med spotpris – altså at kraft-delen av straumrekninga blir basert på den daglege marknadsprisen på kraft.

I sommarmånadane låg spotprisen på litt over eitt øre i store delar av landet, og nokre av leverandørane tilbydde minuspris for å lokke til seg nye kundar. Så seint som i november var det minuspris på straum.

Men no gjer prisen eit byks som vil gje oss dei høgaste straumprisane på lenge.

Den siste månaden har prisen stige jamt og trutt mot vanlege vinterprisar, og 7. januar ligg kraftprisen på eit nivå vi ikkje har sett sidan 24. januar 2019 – då nådde kraftprisen årets «toppnotering» med 80,89 øre i fleire av dei store byane.

Spotprisen for 7. januar er ifølge kraftbørsen Norpool 69,95 øre i Oslo, Bergen og Kristiansand. Men den høgaste prisen, 70,18, finn vi i Molde og Trondheim. Tromsø har så langt lågare pris (29,43 øre) (dette er byane som er tatt med i kraftbørsen Norpools statistikk, red.mrk.).

Påfallande er det også at forskjellen frå dag til dag er enorm. Prisauken frå 6. til 7. januar er på heile 27 øre i fleire av byane. Det svarar til ei prisauke på 63 prosent på éin dag!

Les også

Til helga kjem eit lite vêrskifte, men snøen blir

Prissmitte frå Europa

Prisane aukar kraftig grunna ein kombinasjon av vêrforhold og marknadssituasjon, opplyser Ellen Skaansar, spesialrådgivar i NVE.

At kraftprisane heldt seg låge gjennom store delar av 2020, skuldast både store nedbørsmengde og avgrensingar i overføringskapasiteten, fortel ho.

– Før jul, i sommar og i haust var det feil på fleire straumkablar til utlandet, blant anna på kablane til Sverige og Nederland. Det gjorde at vi fekk mindre handel med kraft med desse landa enn dersom kablane hadde vore i orden.

Dette skjedde samtidig som Norge hadde mykje nedbør og vassmagasina var fulle:

– Då fekk vi innestengt kraft. Produsentane måtte produsere for å hindre flaum og tap av vatn, noko som gav låge prisar, seier Skaansar.

No er det større kapasitet på mellomlandsforbindelsane, samstundes som vêret er kaldare.

– Lågare temperaturar gir noko høgare etterspurnad i Norge, og auka kapasitet til utlandet aukar også etterspurnaden etter kraft.

Prisen i utlandet er noko høgre enn i Norge, og vi får derfor prissmitte over i norske kraftprisar, seier Skansaar.

– Vi har ikkje nøyaktige data som kan forklare bykset frå dag til dag no, men torsdag er kraftprisen i Tyskland på 70 euro (per megawattime).

Les også

Stian og Egil fekk eit tilbod – no sel dei alle aksjane i Holsen Kraft

Fulle vassmagasin – prisen i vêret

– Det har vore rekordmykje nedbør i heile haust. Kvifor påverkar ikkje dette prisane i større grad?

– Sjølv om det er mykje vatn i magasina, har produsentane kontroll på vatnet, det renn ikkje over. Samtidig er det låg etterspurnad i mellomlandsforbindelsane våre, og då vil det som skjer i Europa påverke norske kraftprisar. Blir det dyrare i Europa, stig prisane også her, seier Skaanland.

Unntaket for dei store prishoppa er Nord-Norge. I Tromsø vil kraftprisen ligge på halve prisen av det ein må betale i Oslo og Bergen i torsdag. Forklaringa også her er knytt til eksport:

– Det er ikkje nok overføringskapasitet inn i eller ut av Nord-Norge til at dette påverkar prisen noko særleg. Området har mykje energiproduksjon, men avgrensa nettkapasitet til eksport og import.

Les også

I 45 år har Johnny sørga for at du har straum: – Kan fort bli hektisk

Kommentarer til denne saken