Gå til sidens hovedinnhold

Dei er tre kollegaer som denne siste laurdagen i januar legg ut på tur. Ein treningstur i forkant av ekspedisjonen dei i løpet av våren skal ta til vulkanen Beerenberg. 

Å nå toppen 2.277 meter over havet er eit mål dei har sett seg for det halvåret dei er ein del av Forsvarets vinterbesetning på øya Jan Mayen i Nordishavet.

Mekanikaren Kai Vikra (50), avdelingssjukepleiaren Bjørg Kathrine Batalden (57) og ingeniøren Robin Karlsen (31) har snart fullført den planlagde rundturen, og er på veg tilbake til stasjonen i aukande vind og snøfokk.

Det er under to kilometer igjen då hendinga som kostar to av dei livet skjer.

I augekroken ser Kai det kvite landskapet bevege seg. Han forstår at det er for seint

For abonnentar