Har du ikkje planar for ferien? – Då er ikkje Simon Vie i tvil om kva du bør gjere.

Det begynte som ein idé. No har festivalen Trøkk n' Truck bygd seg opp til å vere ein gigant, med festivalsjef Simon Vie i front.

– I år kjem eg så å seie til å bruke heile sommarferien min på festivalen. Eg skal nok vere litt på hytta med familien, men stort sett skal eg bruke tida mi på Trøkk n' Truck, seier Vie.

– Eg har ein fantastisk plan

I fjor sa Vie dette til Firda etter at Trøkk n' Truck festivalen var slutt:

Neste år har eg ein fantastisk plan. Eg har lufta om vi skal dra det så langt at vi begynner på Nordkapp og så brukar vi fjorten dagar på å køyre Trøkk n' Truck-konvoi nedover Norge og sanke med-køyrarar på vegen.

No er planen blitt ein realitet. I august skal Vie sitte bak rattet for å køyre Trøkk n' Truck-konvoi til Nordkapp og tilbake i lag med mange andre bilinteresserte.

– Magefølelsen min er at vi blir rundt 15. Det vil nok vere enkelte som hiv seg med på enkelte etappar, medan andre fell frå. Slik må det nesten vere, vi kan ikkje bli for mange slik at vi er til hinder for folk. Vi skal sove kvar natt i 14 dagar, det blir ikkje så lange etappar, humrar Vie.

Koke reinsdyr på Vidda

Undervegs til Nordkapp kan Vie freiste med mange kjekke opplevingar på vegen.

– Det vil vere eit program med mykje variert kultur. I Trondheim vil det vere eit biltreff med 1500 bilar som skal ta oss imot. Vi skal også stoppe for å fiske, og vi skal koke reinsdyr på Finnmarksvidda.

Når festivalen bestemte at årets tur skulle gå til Nordkapp og tilbake, reflekterte de rundt det med utslepp og klima?

– Vi hadde ein runde med tanke på klima og miljø. Det er jo eit veldig skråblikk på oss, når det kjem til dette. Ser ein på alle andre som skal på sommarferie til Lofoten, så køyrer dei fleste dit. Om ein køyrer personbil, bubil eller lastebil, då er det ikkje store skilnaden. Det er jo mange som skal på ferie til utlandet, og går ein i djupna, trur eg ikkje konvoien vår vil stå for den store forureininga, meiner han.

Ei helg for alle

Simon Vie er ikkje redd for å ha teke vatn over hovudet og beskriv årets festival med store ord.

– Publikum, scene, og show, alt skal bli større. I år kjem Staysman, med endå større fyrverkeri enn sist, for å ta del i festivalen. Vi skal også ha eit flyshow som kjem heile vegen frå Sverige.

Det er viktig for Vie å presisere at festivalen er for alle, ikkje berre for dei som er bilinteresserte.

– Vi har eit ekstremt stort mangfald som møter opp. Tidlegare år har vi hatt publikum i alle aldersgruppe. Alt frå små born til eldre med rullator. Eg har kameratar som ikkje har noko interesse for bil og motor, men som likevel tek turen heim til Sunnfjord for å gå på festival.

Skal ein tru Vie har innbyggarane i Førde mykje å sjå fram til i åra som kjem.

– Vi har ein draum å kome oss opp på eit nivå der fleire av oss kunne hatt festivalen som ei deltidsstilling, for det har jo gått alvorleg mykje fritid på dette. Vi har hatt vekst kvart einaste år, og vi har berre sett starten.

Les også

Plutseleg var det eit ledig lokale: – Hadde ingenting å tape