Hytteeigarar krev at hytteforbodet blir endra til påske

Av

Hytteeigarane meiner at hytteforbodet treffer urettferdig og krev at reglane blir endra før påske.

DEL

– Eit totalforbod mot å vere på hytta er unødvendig inngripande. Vi krev at karanteneforskrifta blir endra, seier generalsekretær Audun Bringsvor i Norsk Hyttelag.

Regjeringa forbaud torsdag folk å vere på hytta viss ho ligg utanfor heimkommunen. Brot på forbodet kan straffast med bøter eller fengsel.

Norsk Hyttelag representerer 600.000 hytteeigarar. Dei krev no at forbodet blir utforma på nytt innan påske, slik at det berre forbyr opphald som faktisk medfører auka smitterisiko.

Bringsvor peikar på at dagens forskrift gjer det forbode for folk frå Lillehammer å dra på hytta på Sjusjøen, medan det er greitt om dei har hytte på Nordseter.

– Det skil ikkje mellom små, sårbare hyttekommunar og bykommunar med stor heilårsbefolkning og eige sjukehus, seier han.

Han seier òg at det kommunale helsevesenet må vere tilpassa talet på hytter og meiner det var noko kommunen tok på seg då dei teikna hyttene inn i reguleringsplanane sine.

– Risikoen ved å reise på hytta i påska vil vere lågare for fleire av oss enn han var for berre ei eller to veker sidan. Svært mange av hyttekommunane i landet vil vere i god stand til å ta imot friske hyttegjester som kjem rett frå karantene, seier Bringsvor.

Artikkeltags