– Blir nok ikkje hyttetur på lenge

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

– Eg kan ikkje hugse at eg har sett sllike snømengder så lenge eg har budd her oppe på Hoff. Iallfall ikkje sidan eg budde i Haukedalen tidleg på 1980-talet. Og det er tretti år sidan, seier Sigurd Årskaug.

Såg knapt hytta

I helga var han på skitur med familien i Skålebotnen på Gaularfjellet, då han såg at ei av hyttene i området knapt nok var synleg over snøen.

– Det er no sikkert minst tre meter snø akkurat i dette området. Og eg har høyrt at det skal vere fire meter med snø litt lenger inne langs vegen på Gaularfjellet. Så dette er eksepsjonelt, seier Aarskaug og trur ikkje hytta vil bli så mykje brukt den komande tida.

Noko Øyvind Nesse i Førde stadfestar.

– Vi brukte hytta ein del i fjor vinter. Men i år trur eg ikkje den blir brukt så mykje. For med så mykje snø i området, så ligg sikkert snøen fram til jonsok, seier Nesse om hytta til svigerforeldra sine.

Ikkje opp på hytta

– Det er eit utruleg flott turområde for laussnø-køyring i området, men det spørst om det ikkje nesten er for mykje laussnø i år, seier Nesse som ikkje har umiddelbare planar om å reise opp på hytta etter at han har sett bilde som Sigurd Årskaug tok i helga.

– Nei, det blir nok ikkje hyttetur på lenge. Men så lenge det ser ut til at mesteparten av snøen er borte frå taket, så er det ikkje prekært med tanke på snømengden, seier Nesse.

Hytta ligg på omtrent 700 meters høgde, med andre ord omtrent på same høgde som det høgaste punktet på vegen over Gaularfjellet.

Artikkeltags