Hypokonderlege: – Det er trøyst i at alle er redde for det same viruset

Ingvard Wilhelmsen seier at nordmenn utan hypokondri har dei siste to månadane fått oppleve korleis nordmenn med hypokondri har det til vanleg.

Ingvard Wilhelmsen seier at nordmenn utan hypokondri har dei siste to månadane fått oppleve korleis nordmenn med hypokondri har det til vanleg. Foto:

Av

Ingvard Wilhelmsen har drive Hypokonderklinikken i Bergen i 25 år. Han trur koronaperioden kan få langvarige effektar på nordmenn, om dei ikkje aksepterer at dei ikkje har kontroll på sjukdom.

DEL

Handvask, sosial distansering og å unngå å handhelse. I mars blei dei strengaste tiltaka i norsk fredstid sette i verk for å hindre spreiinga av koronaviruset.

To månadar seinare lever nordmenn, og fleire land i verda, framleis med eit medvit på å unngå smitte. Samtidig har regjeringa mjukna opp reglane, og land kjem til å opne opp etterkvart. Folk vil kunne handhelse og klemme.

Men kjem koronaperioden til å prege nordmenn sitt medvit på virus og smitte? Nei, seier hypokonderlege Ingvard Wilhelmsen.

– Det kjem veldig an på korleis du er i utgangspunktet. Aksepterer du at du ikkje har kontroll på det meste i livet, som død og sjukdom, vil du falle på plass til slik du var før, seier Wilhelmsen.

Får oppleve korleis hypokondrar har det

Hypokonderklinikken stengde med resten av landet 12. mars. Dei i Noreg med helse eller sjukdomsangst hadde ikkje ein stad å vende seg då faren var størst for nordmenn. Wilhelmsen seier at nordmenn utan hypokondri har dei siste to månadane fått oppleve korleis nordmenn med hypokondri har det til vanleg.

–Alle er engstelege og usikre på kor lenge dette skal vare. Det er fleire hypokondrar som har teke trøyst i at det er slik for alle, ikkje berre for dei. Dette er deira heimebane, seier Wilhelmsen.

Over to månadar seinare har han hatt nokre møter med hypokondrar på klinikken, men sidan det framleis er anbefalt å unngå reiser, blir dei fleste møte gjort på video over nett.

Unngår å bekymre seg

At hypokondrar blei redde i starten, då viruset kom til Noreg og landet stengde ned, ser han på som naturleg. Alle blei redde.

I dag meiner han at det ikkje lenger er nødvendig å vere det.

– Eg er 71 år og blir spurt om eg, som er del i risikogruppa, er engsteleg. Eg svarar at eg gjerne skulle vore bekymra dersom eg trudde det hjelpte, men det gjer eg ikkje. Tvert i mot. Eg trur den beste førebuinga er å ha det bra, restituere, trene ekstra, ete og sove godt.

Artikkeltags