Gjer friluft til skulefag

    I Hyllestad tek dei naturfaget dit det høyrer heime - ut i naturen. Videoreportasje.

    Artikkelen er over 4 år gammel

    Burde friluftsliv vere eit fag som alle må ta? Det meiner redaktøren i Villmarksliv. På Hyllestad skule, er nesten alle elevane med.

    DEL

    God helgMATEN HENG på ein tråd mellom eit tre og ein trommel. Det er plastkort, eller matkupongar, som elevane seinare skal byte inn. Vatnet ligg i ein stor haug, inni små og store flasker. Grupper på fem kjem gåande langs vegen, men stoppar her. Dette er post ein.

    Må velje: F.v. Vilde Andrea Avedal Hovland, Mari Salbu Dale, Marion Boge Skaar, Emil Solheim og Sondre Solberg Losnegård svarar på spørsmåla på post to og får også velje nokre matkort.

    Må velje: F.v. Vilde Andrea Avedal Hovland, Mari Salbu Dale, Marion Boge Skaar, Emil Solheim og Sondre Solberg Losnegård svarar på spørsmåla på post to og får også velje nokre matkort.

    Vilde A. Hovland, Mari S. Dale, Emil Solheim, Sondre S. Losnegård og Marion B. Skaarskal, skal vere ute i heile dag, og i heile natt. No må dei bestemme seg for kva som skal vere med i sekken, og dei må velje lurt, for læraren har nekta foreldra å sende med ungane mat på skulen i dag.
    Dei diskuterer litt, men bestemmer seg raskt. Frå post ein plukkar dei med seg hjortekjøt og pølse.

    – Vi har valt det som er mat i, det er betre enn å leve av chips og sjokolade, seier Marion.

    SJOKOLADEN FÅR henge att på tråden, men læraren deler ut eit tau, ti famnar langt. Kva skal dei med det? Sondre er tauberar, men veit ikkje heilt kva han skal bruke det til.

    Og så må dei ha med seg vatn. Dei pakkar så mykje dei klarer ned i sekkane, inn i liggeunderlaga, og elles der dei kan finne ledig plass. Så vandrar dei av garde, på rekke og rad, først langs vegen, med tunge sekkar og eit tau på slep.

    Utelærar: Lærar i friluftsliv ved Hyllestad skule, Øystein Osland. Han ser at elevane blir meir motiverte og byr meir på seg sjølve, når dei får komme ut.

    Utelærar: Lærar i friluftsliv ved Hyllestad skule, Øystein Osland. Han ser at elevane blir meir motiverte og byr meir på seg sjølve, når dei får komme ut.

    I FJOR hadde Øystein Osland, lærar ved Hyllestad skule, med seg 10. klasse i friluftsliv langt til fjells. Dei fekk heller ikkje mat med seg, og enkelte lurte vel fælt på korleis det skulle gå. Men Osland hadde sekken full av ryper, som elevane undervegs gjorde seg fortente til. Vel framme, skulle dei førebu og lage til maten sjølve.

    – Nokre fekk det skikkeleg bra til, andre hadde nok problem med å ete opp, seier Osland og ler.

    I ÅR er heile ungdomsskulen med, og ikkje berre dei som har friluftsliv. Mat og helse er også med. Til det trengst det store mengder mat og drikke, ein tur like langt til fjells let seg difor ikkje gjennomføre. Men kanskje kjem villmarkskjensla sigande likevel, når dei samlast kring bålet og telta ventar ei natt i mars. Nokon skal til og med sove under open himmel, og det ser ut til å bli fint vêr.

    – I friluftsliv får elevane vist kunnskap som dei har, men som dei ikkje får vist i andre fag. Dei er engasjerte, motiverte og byr meir på seg sjølve, seier Osland.

    KANSKJE BURDE dei ikkje gå ned vegen mot post fem. Det kjem jo ein gjeng andre vegen, med bandasjar om hovudet. Men, det kan jo vere noko godt der. Og svolten har gjort seg gjeldande lenge.

    Dei legger at sekkane i krysset, for dei skal tilbake same veg, og set av garde mot det ukjende. Like om svingen, går det eit steinras. Mari får ein stein i hovudet og begynner å blø. No må dei handle raskt. Bandasjen kjem fram, og hovudet blir tulla inn.

    Det er best å komme seg fortast mogleg fram no, men før dei går vidare, får dei ein siste sjanse til å byte ut nokre matvarer og ta to nye. Endeleg føler dei at dei kan velje noko godt å drikke, for på vegen har dei funne både ris og sopp til hjortekjøtet. Det blir saft og i tillegg får dei bytt til seg litt salt og pepar.

    – FRILUFTSLIV BURDE bli eit obligatorisk fag i skulen.

    Det seier redaktør i bladet «Villmarksliv», Knut Brevik. I sitt første nummer i år, skreiv han på leiarplass at friluftsliv er betre for folkehelsa enn den tradisjonelle gymnastikken.

    – Friluftsliv varer heile livet, det er ikkje tilfelle med idrett.

    Han meiner difor det er større sjanse for at folk vil halde seg i aktivitet lenge om dei lærer friluftsliv, og då meiner han at dei må lære ting heilt konkret.

    – Dei må lære å kle på seg, og å knyte ein fiskeknute.

    Brevik er opptatt av at haustingskulturen får leve vidare. Det betyr ikkje at alle må jakte, men han trur det er viktig at alle får ei innføring.

    – Det er også viktig for norsk natur. Gode og aktive brukarar av naturen, som bryr seg, er det beste vernet mot irreversible inngrep i naturen.

    GJENGEN NÆRMAR seg mål, håpar dei. Det er i alle fall det siste punktet på kartet, og dei synest dei har gått lenge nok no. Vilde er usikker, ho trur ikkje det er fleire postar, men kanskje finn dei berre eit nytt kart, og må halde fram endå lenger.

    Ein høg dur tar over for gålydar og fuglekvitter. To eldre karar jobbar med vedkløyving der framme. Det er først no dei verkeleg har komme i gang, for det har vore så dårleg vêr, men no veks haugen raskt.

    DEI ER kanskje litt leie av veden, for merksemda blir fort trekt mot den vesle ekspedisjonen som stoppar like ved. Kvar kjem dei frå alle saman? Undrar dei, så mange kan det umogleg gå på skule her, meiner dei bestemt, og lurer litt på om dei skal sette dei i arbeid. Men her har læraren allereie vore, oppdraget heng klart på eit tre, og det er ikkje å hogge ved.

    Gjere sjølv: Det er ikkje alltid like lett å få ting til å sjå ut som teikningane i boka.

    Gjere sjølv: Det er ikkje alltid like lett å få ting til å sjå ut som teikningane i boka.


    Lange og korte stokkar ligg strødd rundt om kring, og på posten står det at den skadde personen no må berast resten av vegen. Endeleg kjem tauet til sin rett, når stokkane skal bli til ei båre.

    KARANE MED veden har våga seg litt nærare, og dei har ikkje heilt trua.

    – Ròtestokkar, seier dei, og er redde for at båra skal bryte saman.

    Men gruppa går grundig til verks. Dei leitar fram dei stokkane dei trur er best. Ein av dei krokar seg veldig, men den passar godt likevel, meiner dei. Båra får difor ein litt underleg fasong, ikkje heilt etter boka, men ho ber. I alle fall etter ein liten knekk, då pasienten sette seg oppi. Og det er vel litt av poenget med å vere her, at alt ikkje er heilt som i boka, men let seg gjere likevel.

    F.v. Vilde Andrea Avedal Hovland, Mari Salbu Dale (i båra), Marion Boge Skaar, Emil Solheim og Sondre Solberg Losnegård.

    F.v. Vilde Andrea Avedal Hovland, Mari Salbu Dale (i båra), Marion Boge Skaar, Emil Solheim og Sondre Solberg Losnegård. Foto:

    – Sjå der, alt i orden, seier karane, som synest det er kjekt at ungdommen kjem seg ut i terrenget. Dei går tilbake til veden og duringa si.
     

    I MÅLOMRÅDET virrar dei andre gruppene omkring. Fleire stormkjøkken blir sette opp rundt om kring, eit bål dukkar opp. Det som for litt sidan var ei rype med fjør, ligg med eitt og luktar godt i ei steikepanne. Jobben var litt ekkel, synest elevane, men det var verdt det.

    Liggeunderlag og soveposar blir rulla ut. Teltstengene gjer leiren til ein farleg plass å vere, der svoltne ungdommar gjer det dei kan for å sjonglere dei og sette saman telt. Ikkje er det små telt heller. Mange rommar både seks og åtte personar.

    STORE MENGDER hjortekjøt, fisk, egg, ryper, pølser og grønsaker ligg klart, men elevane får berre litt i dag. Det er fordi dei skal få erfare eit av læremåla i praksis.

    Overnatting: Klare for natta i teltleiren.

    Overnatting: Klare for natta i teltleiren.

    – Poenget var at vi skulle sjå korleis det er å leve på lite energi ein dag, og så mykje i morgon, seier Mari.

    – Så vi blir nok litt svoltne, men vi har nokre pølser til bålet i kveld, seier Vilde.

    Gjengen er samde om at det er godt å komme seg ut. Og at dei har lært noko.

    – Det er kreativt av lærarane. Og det er mykje betre enn å sitte framfor ein skulebenk, seier Marion.

    Ho går mat og helse, og har lært mykje om kosthald, og kva ein skal ete og ikkje.

    – Vi som går natur og miljø har lært ting vi har hatt bruk for i dag. Som kva vi skal ta med og ikkje, og litt om matlaging ute, seier Mari.

    Artikkeltags