Brukar sommardagane på idrettsglede og sosialt samvær

1. rekkje frå venstre: Adrian Forthun Lekva, Elias Horne, Malin Oppedal, Eileen Eimind-Thorsnes, Marius Løvø Amundsen, Kristian Høyum Gudmundsos, Stian Boge Skaar, Aron Pedersen Johannessen, Mari Ness, Ingelin Hyllestad og Aslak Holen Dale. 2. rekkje frå venstre: Jakob Solheim, Jostein Underdal Fludal, Emma Eimind-Thorsnes, Lea Ytredal Akse, Linnea Avedal Hovland, Marcus Lundahl, Synne Avedal, Mathea Bråstad og Karoline Løland Runfors. Ståande frå venstre: Adrianne Lavik Akse, Mats Tonning Solstad, Andreas Ytredal Akse, Robert Løland, Raymond Mjømen, Linn-Katrin Wolff, Emma Bråstad, Andrine Avedal Hovland, Marlene Solheim, John Gerick Bårøy, Benjamin Wolff, Ann-Lise Birkeland og Malin Lavik Akse.

1. rekkje frå venstre: Adrian Forthun Lekva, Elias Horne, Malin Oppedal, Eileen Eimind-Thorsnes, Marius Løvø Amundsen, Kristian Høyum Gudmundsos, Stian Boge Skaar, Aron Pedersen Johannessen, Mari Ness, Ingelin Hyllestad og Aslak Holen Dale. 2. rekkje frå venstre: Jakob Solheim, Jostein Underdal Fludal, Emma Eimind-Thorsnes, Lea Ytredal Akse, Linnea Avedal Hovland, Marcus Lundahl, Synne Avedal, Mathea Bråstad og Karoline Løland Runfors. Ståande frå venstre: Adrianne Lavik Akse, Mats Tonning Solstad, Andreas Ytredal Akse, Robert Løland, Raymond Mjømen, Linn-Katrin Wolff, Emma Bråstad, Andrine Avedal Hovland, Marlene Solheim, John Gerick Bårøy, Benjamin Wolff, Ann-Lise Birkeland og Malin Lavik Akse. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Om lag 30 born og unge i Hyllestad har brukt tre dagar av sommarferien på å ha det kjekt på idrettsbana.

DEL

– Dette har vore utruleg artig å vere med på. Eg er veldig glad for at dei vaksne har brukt tid på å gje oss dette tilbodet i starten av sommarferien! seier Raymond Mjømen.

Leik og moro

Saman med eit 30-tals barn og unge har han brukt tre dagar av sommarferien på idrettsleik på idrettsanlegget på Hyllestad.

Mjømen driv mest med fotball, men har òg tydeleg talent for friidrett.
 

– Det beste med dette er at det heile er lagt opp til å vere mest leik og moro. Tidlegare har eg ikkje vore så interessert i friidrett, men dette gav meirsmak, seier Mjømen og smiler.

Opplegget som går over tre dagar à fem timar, er i regi av DNB og Norges Friidrettsforbund, og er eit aktivitetstilbod for born og unge mellom 6 og 12 år.

Glede og meistring

– Dette skal vere tre sosiale, morosame og varierte friidrettsdagar på bornas premissar. Målet er at alle som deltek skal oppleve leik, glede og meistring i eit trygt og inkluderande miljø, seier John Gerick Bårøy som er leiar i Friidrettsgruppa i Hyllestad idrettslag.

Bårøy fortel at i tillegg til å vere eit leikent tilbod til borna, er det samstundes eit bidrag til meir breidde i idretten. Det er ei kjensgjerning at det i mange høve er fotballen som stikk av med dei fleste. Vi er sjølvsagt ikkje mot fotball, men vi har tru på at allsidig aktivitet i ung alder er bra same kva idrett det er snakk om, avsluttar Bårøy.

Sjå fleire bilete lenger nede på sida!

Artikkeltags