Ny brønnbåt frå Leirvik

«Namsos» vart døypt sist helg, og gudmor Ingvild Kjerkol knuste flaska på første forsøk.

«Namsos» vart døypt sist helg, og gudmor Ingvild Kjerkol knuste flaska på første forsøk. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

«Namsos» er eit ekte Havyard-skip frå a til å.

DEL

Båten er eit Havyard-produkt frå første strek til ferdig båt.

Brønnbåten «Namsos» er laga over same lest som «Havtrans», som Norsk Fisketransport AS (NFT) kjøpte i fjor og har hatt i drift i eitt år. Det er også dei som har kjøpt den nye båten.

«Namsos»

  • «Namsos» er bygg nr 124 frå Havyard Ship Technology i Leirvik i Sogn
  • Båten er 84,6 meter lang, 16,9 meter brei og har ein  lastekapasitet på 3250 kubikkmeter noko som tilsvarar lasterom for 640 tonn levande fisk.
  • «Namsos» er designa av Havyard Design & Solutions

Fiskevelferd og effektivitet

Brønnbåtane «Havtrans» og «Namsos» har runde tankar. Det gjer at ein kan styre vasstraumen i tankane på ein heilt ny måte. Det gir jamnare vasskvalitet i heile tanken og dei beste forholda for laksen både under transport, avlusing og anna arbeid.

Dei runde tankane på brønnbåten gjer at laksen held fram med å symje i ring slik dei har gjort i merdane. Dermed stressar fisken mindre og laksekjøtet får betre kvalitet.

I tillegg er båtane effektive både når det gjeld mengda laks som kan fraktast og drivstofforbruk. Med runde tankar kan ein frakte meir laks enn ein kan om bord i konvensjonelle brønnbåtar med same lastevolum. Utforminga av brønnbåtskroget frå Havyard og framdriftssystemet gjer også at ein kan frakte tre gongar så mykje laks som ein gjorde med eldre båtar utan å bruke meir drivstoff.

Har bestilt ein tredje båt
Den nye båten «Namsos» ved sidan av søsterksipet «Havtrans».

Den nye båten «Namsos» ved sidan av søsterksipet «Havtrans». Foto:

Administrerande direktør i Norsk Fisketransport Harry Bøe er svært godt nøgd med dei to brønnbåtane, som er bygde ved Havyard Leirvik i Hyllestad, og har bestilt ein tredje båt.

Konsernsjef i Havyard, Geir Johan Bakke, kan sjå tilbake på ei spennande reise frå utviklinga av prototypen og bygginga av «Stormy» som vart kjøpt av Norsk Fisketransport AS og fekk namnet «Havtrans» til «Namsos» som vart døypt i helga. Prototypen er no vidareforedla og har resultert i både nydøypte «Namsos» ordre på nok ein brønnbåt til NFT. Den skal leverast frå Havyard Ship Technologys verft i Leirvik våren 2017, skriv Bakke i ei pressemelding.

– Vi gler oss over kontrakten med Norsk Fisketransport AS. Dei er kunnskapsrike og krevjande kundar som har eit lidenskapeleg forhold til å forbetre sine båtar og dei tenestene dei leverer til sine kundar. Slik utfordrar dei oss også til å levere stadig betre produkt, seier Bakke.

Han er stolt over det Havyard har fått til med desse båtane.

– Her ser vi resultatet av eit konsern som kan båt frå første strek til båten går i arbeid. Vi har designa og utvikla, vi har utrusta og fylt båten med utstyr, og vi har drege nytte av alle forretningsområda våre i eit samspel som har enda med ein brønnbåt som er verdsleiande, seier han nøgd.

Artikkeltags