Har signert kontraktar på fem nye ferjer for Fjord1

OPPTUR: Havyard Ship Technology AS i Leirvik i Hyllestad kommune er med dei nye kontraktene sikra full sysselsetjing ut 2019. (Arkivfoto.)

OPPTUR: Havyard Ship Technology AS i Leirvik i Hyllestad kommune er med dei nye kontraktene sikra full sysselsetjing ut 2019. (Arkivfoto.) Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HYLLESTAD: Havyard Ship Techonolgy i Leirvik skal i løpet av hausten 2019 levere fem nye ferjer til Fjord1.

DEL

– Dette er ein verkeleg jubeldag for verftet i Leirvik. No er vi sikra full sysselsetting i alle høve ut 2019, seier Lasse Stokkeland som er dagleg leiar ved Hyllestads hjørnesteinsverksemd Havyard Ship Techonolgy AS til Firda.

Havyard skal levere fem nye ferjer til Fjord1. Ifølgje Stokkeland vert skroga bygde i Tyrkia, medan den største verdiskapinga vil skje på verftet i Leirvik. I tillegg har Fjord1 skrive kontrakt med eit verft i Tyrkia om levering av to ferjer til.

Ifølgje er pressemelding frå Fjord1 vil alle ferjene vere i verdstoppen når det kjem til innovasjon og miljø, og dei skal driftast med null- og lågutsleppsteknologi basert på elektrisk framdrift.

Dei fem ferjene Havyard skal byggje er med inntil 50 personbileiningar (PBE). Fartya skal setjast inn på sambanda «Nordmørepakken» som er Kvanne-Rykkjem, og Edøya-Sandvika, og «Rutepakke 1, Hordaland» som er Fedje-Sevrøy, og Langevåg-Buavåg.

Dei to ferjene som skal leverast frå verftet i Tyrkia har ein kapasitet på inntil 80 PBE, og dei skal setjast inn i trafikk på sambandet Seivika-Tømmervåg.

Alle i full jobb

– Etter å ha vore gjennom ein tøff periode, er vi no på veg opp att av bølgedalen. I løpet av første halvår reknar vi med at alle våre tilsette er tilbake i full jobb, og med denne kontrakten får vi strekt horisonten vår til ut 2019, seier ein nøgd Stokkeland.

Men sjølv om Stokkeland gler seg over storkontrakten, vil han per i dag ikkje love at verftet kjem til å tilsetje fleire medarbeidarar.

– Vi er sjølvsagt alltid på utkikk er fleire dyktige medarbeidarar. Men per i dag har vi ikkje konkrete planar om å tilsetje fleire, avsluttar Stokkeland.

I fremste linje

– Vi ser at norske leverandørar er i fremste linje når det kjem til innovasjon med tanke på miljø og teknologi, noko som er avgjerande viktig for oss i Fjord1, seier Dagfinn Neteland – som er administrerande direktør i Fjord 1 – ifølgje pressemeldinga.

Ifølgje Neteland leverte fleire norske verft tilbod og var med i finalerunden. Fjord1-sjefen gler seg over at norske verft er blitt konkurransedyktige på pris, kvalitet og leveringstid.

I tillegg til å ha kontrakt med Havyard Ship Techonolgy i Leirvik, har Fjord1 òg leveranseavtalar med Fjellstrand, Tersan shipsyard, Sefine og Cembre shipsyard.

Artikkeltags