– Eit omstillingsår, no er vi rigga for framtida

Reportasje frå dykkarbåten "Seven Havila" som nett er ferdigstilt frå Havyard Leirvik. 

TAGS verft båt skip skipsbygging teknologi

Reportasje frå dykkarbåten "Seven Havila" som nett er ferdigstilt frå Havyard Leirvik. TAGS verft båt skip skipsbygging teknologi Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Havyard presenterte i dag svært dramatiske rekneskapstal for 2015, og det er spesielt skipsbygging i Leirvik som dreg ned.

DEL

I 2015 gjekk omsetninga i Leirvik ned frå vel 1,9 milliardar kroner til vel 1,3 milliardar. I 2104 var resultatet før skatt 20,5 millionar i 2014, i fjor måtte Havila bokføre eit resultat på – 73,7 millionar kroner, skriv nettstaden nett.no.

- 2015 vart eit omstillingsår der vi måtte omstille oss frå høg til låg aktivitet. Dei kom godt, men seint på året, og no er vi rigga for aktiviteten vi ventar i 2016, seier dagleg leiar ved verftet i Leirvik, Lasse Stokkeland, til Firda.

Utsette nybygg

Han opplyser også at resultatet inkluderer også eit tap på 30 millionar kroner på grunn av utsetting av to nybygg., begge offshoreskip til islandske Fafnir Offshore. Desse skulle leverast i mars 2016, men dette er utsett til juni 2017. I tillegg er bygging av eit skip til Marine Platforms i Nigeria utsett eitt år frå den opphavlege planen om levering i løpet av 2017.

Les også:Redd Havila-dramaet får konsekvensar

- No er vi rigga til å møte framtida, og eg er optimist både på kort og lang sikt. Vi jobbar med mange nye kontraktar og håpar å lande nokre av dei, seier Stokkeland.

Det har lenge vore klart at Havila har store økonomiske vanskar, men at selskapet no har fått avtaler med bankane. Ein konsekvens av situasjonen i selskapet er at det er innført fire dagars veke, med unntak av verftet i Hyllestad. Der jobbar dei tilsette fem dagar i veka.

Heilsvart 4. kvartal

Selskapet som eig verftet i Hyllestad hadde eit heilsvart 4. kvartal. Då var resultatet før skatt 105 millionar kroner i minus, og mesteparten av dette kjem frå verftet i Leirvik.

Mykje av årsaka er fleire tapsprosjekt, eingongseffektar og garantikostnader, ifølgje nett.no.

Frå 737 millionar til 316

Totalt omsette Havyard for 316 millionar kroner i dette kvartalet, mot 737 millionar i same periode i 2014. Og i 2015 omsette Havila for totalt 1,7 milliardar kroner mot 2,4 milliardar i 2014, går det fram av dagens presentasjon.

Rekneskapen viser eit driftsresultat på – 63 millionar kroner i 2015. I 2014 hadde sedskapet eit positivt resultat på 45 millionar kroner.

Når rentekostnaden blir rekna med sit selskapet att med eit resultat på – 86 millionar kroner før skatt. Tilsvarande tal i 2014 var pluss 39 millionar kroner.

Lægre aktivitet alle område

Hovudforklaringa på det svake resultatet ligg restruktureringskostnader og lægre aktivert enn planlagt på dei fleste område, går det fram av presentasjonen.

Ifølgje nett.no skriv konsernet ned verdiane med 50 millionar kroner knytt til finansielle investeringar offshore.

Eigenkapitalen er på 522 millionar kroner, omløpsmidlane er på 695 millionar og selskapet har ei gjeld på 831 millionar kroner.

Artikkeltags