Hyttefolk fryktar at kloakkrøyr kan skade båtfolk

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HYLLESTAD: Eit kloakkrøyr som plutseleg flyt opp i overflata skaper redsle for stygge situasjonar om båtfolk køyrer på det.

DEL

Ved Sørbøholmen i Hyllestad har eit kloakkrøyr på kring 50 meter flote opp i vasskorpa ved jamne mellomrom i sommar. No fryktar hyttenaboane Per Erik Nordbø og Helge Aven at båtfolk i området kan verte skadde om dei køyrer på røra.

– Kloakkrøyret flyt opp i overflata når luft vert pumpa ut frå pumpestasjonen på land. Det varer ein fire-fem minutt, fortel Nordbø om fenomenet som har dukka opp i vasskorpa ved Sørbøholmen i Sørbøvåg.

Sidan kloakkrøyret flyt i vasskorpa, kontakta Nordbø i sommar Hyllestad kommune.

– Eg fekk berre beskjed om det at når ferien var omme, så skulle dei sende saka over til den som var ansvarleg for dette i kommunen.

Dette synest Per Erik Nordbø er underleg, med tanke på at røyra kan vere til fare for dei som ferdast med båt i området.

Aven er også samd i at kommunen burde reparere kloakkrøyret snarast:

– Det er ein fare for småbåttrafikk, for røyret kjem opp med jamne mellomrom. Ein veit aldri kva som kan skje, men det bør ikkje vere slik, seier Helge Aven.

– Det er openbert noko som er gale, men eg har ikkje fått meir informasjon, seier Nordbø.

Foto:

Kan kappe av båtmotorar

– Kommunen må finne ut kva som er årsaka til at det flyt opp. For flyt det opp medan båtane køyrer forbi, så skal det ikkje mykje til for at motoren vert kappa av, seier Nordbø.

For farlege situasjonar kan oppstå særleg når det er bølger.

– Då ser ein ikkje røyra, forklarer Nordbø, som trur situasjonen med kloakkrøyret har vart i fleire månader.

– Eg håper dette vert ordna nokså fort, for det er ikkje noko kjekt å ha det slik, seier Aven.

Lovar å gripe fatt i saka

– Vi har fått informasjon om at røyret flyt opp, men vi har berre fått melding om dette ein gong. Det er ei kjend problemstilling at det kan danne seg luftlommer i kloakkrøyr som ligg i sjøen, seier plan- og utviklingssjef i Hyllestad, Stig Aron Tverberg.

– Det vi kan undersøkje er om lodda som skal halde røyra på botnen, har losna. Grunnen til at vi ikkje har gjort noko med det til no, er at slik vi forstår det så er dette ei vanleg problemstilling med kloakkrøyr i sjøen, og at dei går ned att i sjøen etter ei kort tid. Men vi var ikkje klar over at dette skjedde jamleg, seier Tverberg, som lovar at kommunen vil sjå på saka så fort som dei får høve til dette.

Artikkeltags