– Eg gler meg til eg ser feiaren på Lihesten!

HYTTEEIGAR: Annlaug Sognnes har fått rekning  for feiing på hytta på Lihesten (fjellet bak henne).

HYTTEEIGAR: Annlaug Sognnes har fått rekning for feiing på hytta på Lihesten (fjellet bak henne). Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HYLLESTAD: Annlaug Sognnes har hytte på Lihesten, der det blir fyrt rundt to gongar i året. No har ho fått rekning frå kommunen for feiing på hytta.

DEL

No skal nemleg feiarar i heile Norge til fjells.

– Rekninga låg i postkassen her ein dag. 46 kroner og 88 øre skal dei ha, og den gjeld for tre månader, fortel Sognnes, som legg til at ho aldri har sett ein feiar på Lihesten.

– Viss ikkje han var med på Gygrekjeft-klyvet, då. Det kan jo hende.

Sognnes har hytte på 3L-stølane på Lihesten. Den vart bygd i 1992, på tomta der stølshusa ein gong stod.

Fyrte to gonger i fjor

– Eg var der siste gongen i 1999 eller -98, eg hugsar ikkje heilt. Sidan er det no ungane mine som har brukt den litt, når dei er på jakt der oppe. I fjor var dei oppe to gonger, og fyrte to gonger i omnen. Eg trur ikkje behovet for feiing er all verda, ler Sognnes.

LANGT TIL FJELLS: Hytta ligg på 3L-stølane på Lihesten.

LANGT TIL FJELLS: Hytta ligg på 3L-stølane på Lihesten. Foto:

– Etter eit nytt regelverk som er komme skal fritidsbustadane og feiast, etter behov, seier teknisk sjef i Hyllestad kommune Stig Tverberg.

I januar sende han ut skriv til alle eigarar av fritidsbustader i Hyllestad, der han informerte om den nye ordninga.

«Det er sett som minimum feiing og tilsyn kvart tiande år. Første runde er forventa jennomført i løpet av fire år. Det blir gitt fritak dersom bustaden ikkje har fyringsanlegg, eller det er stengt av», heiter det i brevet.

Feiaren gler seg

– Eg gler meg til ein tur på Lihesten, seier Morten Flaterås, privatpraktiserande feiar, innleigd av Hyllestad og Fjaler kommunar.

– Så du tek gjerne ein fjelltur i arbeidstida?

– Ja, det er ikkje problem for meg. Eg har mange eigedomar eg må traske i timevis til. Det viktige er at eigarane gir beskjed til kommunen når dei kan vere der, og er på plass når eg kjem. Det har vore nokre bomturar av slike årsaker.

– Du får mykje å gjere no, då, som skal rundt og feie på alle hytter?

– Det er i alle fall kommunar der dei får det veldig travelt. Dette blir jo innført over heile landet no, og nokre kommunar har jo fleire tusen hytter. Det gjer ikkje saka bedre at det er nesten umogleg å få tak i utdanna feiarar. Eg jobbar ræva av meg, helgar og kveldar, for å komme over det som er å gjere i Fjaler og Hyllestad.

- Jobbar ræva av meg

– Så det er ei utdanning å satse på, om ein vil vere trygg på jobb?

– Ja, det er ein fin jobb. Viss ikkje ein er så opptatt av lønna, då. Rundt 380.000 ligg vi på. Rørleggarar og snikkarar har like lang utdaning, men dei tener gjerne 100-150.000 meir enn oss.

– Men rekk du over alle hyttene, når du allereie har så mykje å gjere?

– Det er heldigvis ikkje meir enn rundt 400 hytter i Hyllestad. Dessutan er det ikkje alle som skal feiast, rett og slett fordi dei ikkje har eldstad og skorstein, seier Flaterås, som gjerne vil legge til at feiinga i Hyllestad er no billeg, då:

– Hytteeigarane i Hyllestad betaler 190 kroner året for feiing, men eg veit om kommunar som har tenkt å legge seg på 400-500 kroner i halvåret.  

Artikkeltags