Brannbil velta under utrykking - sjåføren sendt til sjukehus

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Etter å ha sløkka brannen i Rysjedalsvika skulle brannmannskapet fylle tankbilen igjen, men køyrde av vegen.

– Tankbilen til brannvesenet har velta og ligg på sida langs vegen, seier vaktleiar i Alarmsentralen, Oddbjørn Aune.

– Mannskapet hadde sløkt brannen i Rysjedalsvika, men på veg til eller frå tanking køyrde dei av vegen. Det er bestilt bilberging frå Førde.

Ambulansen som hadde vore i Hyllestad under utrykkinga tidlegare i dag måtte køyre tilbake for å hjelpe sjåføren av tankbilen.

– Er det snakk om personskade her?

– Han ringde oss sjølv og sa at han hadde køyrd av vegen, så vi trur det går bra.

Oppdatering: Helse Førde melder at sjåføren av tankbilen, ein mann i 50-åra, er innlagd på Førde sentralsjukehus. Tilstanden til mannen er ikkje kjend.

Artikkeltags