Skal bruke pengar dei får til garderobar og idrettsbenkar

FEKK PENGAR: Hyllestad IL fekk denne veka ei pengegåve på 100.000 kroner av Sparebanken Sogn og Fjordane.

FEKK PENGAR: Hyllestad IL fekk denne veka ei pengegåve på 100.000 kroner av Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

HYLLESTAD: Hyllestad IL har fått gåve frå Sparebanken.

DEL

– Vi synst det er utruleg kjekt og raust av Sparebanken Sogn og Fjordane. Det er viktig å støtte dei frivillige i kommunane, så vi synst det er rett måte å bruke pengane på, seier Anette Wolff, som er nestleiar og sponsor- og dugnadsansvarleg i Hyllestad I.L.

Hyllestad I.L. har no fått støtte til å bygge to garderobar tilknytt fleirbrukshuset som er rett ved fotballbana, samt å kjøpe nye innbytarbenkar til fotballbana som er like ved. Fleirbrukshuset er eigd av Hyllestad Raude kors, Hyllestad grendelag og idrettslaget, og idrettslaget er den største eigaren. Wolff seier at dei har dårlege garderobar på skulen, og at det er langt å gå dit. Dei skal difor bygge på fleirbrukshuset for å få garderobar tilknytt fotballbana. Denne skal òg fungere som bruksrom når det trengst. Fleirbrukshuset blir brukt til seniordans, private arrangement, dei har treningsrom og kioskaktivitetar og møte.

SKAL BYGGE PÅ: Hyllestad IL skal mellom anna bruke pengegåva til å byggje garderobar, fortel Anette Bøe Wolff, nestleiar i Hyllestad IL.

SKAL BYGGE PÅ: Hyllestad IL skal mellom anna bruke pengegåva til å byggje garderobar, fortel Anette Bøe Wolff, nestleiar i Hyllestad IL. Foto:

– Innbytarbenkane blir kjøpte til fotballen, skulen, pensjonistar og for å ha ein plass å stå under tak. Det er benkar som står på hjul sånn at dei kan flyttast på når det er 11-fotball eller 7-fotball for dei litt yngre spelarane.

Wolff legg til at det blir lagt ned veldig mykje jobb i frivillig arbeid rundt om, og at det fører til auka motivasjon når ein får støtte.

– Det er viktig for folkehelsa at det er aktivitet, og det er veldig kjekt og positivt at vi får støtte til dette. Vi ønsker å legge til rette for at alle skal kunne bruke fleirbrukshuset og fotballbana, og at anlegget òg skal brukast til uorganisert aktivitet, seier Wolff.

Artikkeltags