Fullførte bokprosjektet til sin avdøde far

Kristian Giil har heldt lovnaden han gav til faren som døydde i 2009, og boka "Atlantis Atlantis" er no gitt ut.

Kristian Giil har heldt lovnaden han gav til faren som døydde i 2009, og boka "Atlantis Atlantis" er no gitt ut.

Artikkelen er over 2 år gammel

Kristian Giil heldt lovnaden han gav til faren.

DEL

I 2009 vart Harald Giil frå Hyllestad, far til Kristian Giil, alvorleg sjuk. Det gjekk berre nokre månader frå han fekk kreftdiagnosen til han døydde. På dødsleiet gav Kristian ein lovnad til far sin: å gi ut boka faren hadde jobba med dei siste åra han levde.

– Far var klår heilt til det siste, og han hadde eit kort opphald heime før han døydde. Då gav han uttrykk for at det verste aspektet ved å forlate verda, var å forlate ho utan å ha gitt ut denne boka, fortel Kristian Giil, som sjølv er busett i Bergen.

Heldt lovnaden

Dei siste åra har Kristian difor jobba med å få selt inn boka hos eit forlag, og no har prosjektet endeleg blitt ferdigstilt. Rett før jul vart boka, med tittelen «Atlantis Atlantis», gitt ut ved Bokvennen forlag.

– Det kjennest veldig bra og som ei form for letting etter så mange år, seier Kristian Giil.

Det tok nokre år etter faren sin bortgang før Kristian Giil hadde krefter til å ta fatt på bokprosjektet. Heile tida heldt han prosjektet hemmeleg, til og med for den næraste familien.

– Eg ville ikkje tenne håp og optimisme som eventuelt kunne bli knust.

Då boka endeleg var klar, kunne løyndommen avslørast.

– Det var stor stas og svært kjensleladd for mor og resten av familien.

Handlar om ein sjømann

Romanen følger ein hovudperson i Hellas om lag 220 år f.Kr.

– Hovudpersonen er ein sjømann og eventyrar, som blir kjent med ulike nyvinningar.

Harald Giil hadde sjølv bakgrunn som sjømann, og han var mellom anna interessert i filosofi og antikk historie. Boka vart i hovudsak skriven i heimen på Sørbøvåg i Hyllestad, men forfattaren hadde også kortare opphald i ulike stader av verda, som Hellas og Egypt.

– Målet ved romanen var å skrive relativt enkelt om komplekse ting. Eg mistenker at far var svanger med ideen om boka allereie då han sjølv var sjømann, seier Kristian Giil.

Han meiner også at hovudpersonen i boka deler fleire likskapstrekk med faren.

– Vi som kjente far godt, vi kjenner igjen hovudpersonen.

Kristian Giil er sikker på at faren ville ha gleda seg over at boka til slutt vart gitt ut.

– Eg trur far ville ha vore veldig, veldig glad og strålande fornøgd.

Artikkeltags