Gå til sidens hovedinnhold

I år kjem det meir breiband til Hyllestad

Artikkelen er over 3 år gammel

HYLLESTAD: I år skal det byggast ut meir internett i Hyllestad.

Breiband er snart like viktig infrastruktur som vatn og straum, men store avstandar og spreidd busetnad gjer det utfordrande å bygge ut mange stadar. Hyllestad kommune jobbar no for å kople opp fleire husstandar.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) gir løyvingar til slike utbyggingar. I Hyllestad er det Enivest som gjer sjølve jobben.

– Dei siste tre åra har vi fått inn om lag seks millionar kroner i tilskot frå fylket og NKOM. Kommunen har i tillegg bidrege sjølv med om lag to millionar, seier plan- og utviklingssjef i Hyllestad kommune, Stig Aron Tverberg.

Han seier det første prosjektet vart ferdigstilt i 2016. Det var ei radiolinje til Sørbøvåg og Skifjord.

I år skal det byggast meir internett i Hyllestad.

Først ut er Hyllestad, Salbu, Sørbøvåg og Borsholm. Arbeidet byrjar i april eller mai, og er planlagt ferdig i byrjinga av august. Til saman skal 285 husstandar koplast opp i denne puljen.

Andre pulje er Lifjord, Atterås, Akse og Leirvik. Der byrjar arbeidet i mai eller juni. I midten av oktober skal 296 husstandar vere kopla til.

– Kommunen har elles i økonomiplanen sett av 1 million årleg frå 2017–2020 for å få framtidsretta breiband samt mobildekning i heile kommunen, seier Tverberg.

 

Kommentarer til denne saken