Slik ser det ut når Brødrene Aa sel båtar til Kina

LASTA OMBORD: Eit svært lasteskip tok turen inn Hyenfjorden onsdag, lasta ombord hurtigbåten frå Hyen og reiste i retning Hong Kong fredag morgon.

LASTA OMBORD: Eit svært lasteskip tok turen inn Hyenfjorden onsdag, lasta ombord hurtigbåten frå Hyen og reiste i retning Hong Kong fredag morgon. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

GLOPPEN: Selskapet Chu Kong Shipping har kjøpt sin andre hurtigbåt frå Brødrene Aa. No er den på veg til Hong Kong.

DEL

– Når båten skal så langt vekk, er dette den mest fornuftige måten å hente den på.

Det seier Tor Øyvin Aa, administrerande direktør for den prisvinnande båtprodusenten i Hyen. Eit svært lasteskip kom inn i Hyenfjorden og plukka den ombord. Deretter forlot lasteskipet Hyen på fredag morgon.

Båten dei sendte frå seg er ein 41 meter lang hurtigbåt i karbonfiber med ein verdi på 80 millionar kroner.

Les også: Denne båten vann internasjonal innovasjonspris

Verdas største på hurtigbåtar

Kjøparen var Chu Kong Shipping frå Hong Kong i Kina. Dette er verdas største hurtigbåtoperatør, og dei opererer 50 hurtigbåtar i Hong Kong-området.

Dette er ikkje første gong Chu Kong Shipping handlar med Brødrene Aa. I November leverte gjengen i Hyen frå seg ein tilsvarande hurtigbåt til den same kunden, fortel Aa.

– Den førre båten vi selde til dei har gått i rute i ein månads tid mellom Hong Kong Airport og Guangzhou.

Reisetid på 35 dagar

Lasteskipet som plukka opp hurtigbåten frå Brødrene Aa har ein lang veg framfor seg. Den skal ned middelhavet, gjennom Suez-kanalen og forbi Singapore før den kjem til Hong Kong. Reisa blir på 35 dagar.

– Båten skal gå i samme området som den førre vi selde. Chu Kong Shipping har 50 hurtigbåtar av denne storleiken mellom Hong Kong og

Styreleiar for Chu Kong Shipping, Xiong Gebing, saman med Tor Øyvin Aa, dagleg leiar for Brødrene Aa.

Styreleiar for Chu Kong Shipping, Xiong Gebing, saman med Tor Øyvin Aa, dagleg leiar for Brødrene Aa. Foto:

fastlandet, seier Aa.

Den nyselde båten skal romme 270 passasjerar og har ei maksfart på 34 knop.

Foto:

Foto:

Artikkeltags