Jon Rolf (19) trudde han skulle i bursdag - då han møtte opp blei han rørt

HEIDRA: Langrennsløpar Jon Rolf Skamo Hope (19) blei denne onsdagen heidra under ein overraskingsfest i samfunnshuset i Hyen.

HEIDRA: Langrennsløpar Jon Rolf Skamo Hope (19) blei denne onsdagen heidra under ein overraskingsfest i samfunnshuset i Hyen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: Jon Rolf Skamo Hope blei heidra av heile bygda etter ein knallsesong på langrenn.

DEL

– Eg blei heilt mållaus då eg kom. Det som overraska meg mest var at det kom så utruleg mange folk som eg ikkje snakkar med til vanleg. Folk stiller opp og bryr seg. Det var verkeleg kjekt!

Det seier langrennsløpar Jon Rolf Skamo Hope frå Hyen, som har tatt fleire juniorgull denne sesongen.

Denne onsdagen blei han lurt trill rundt av det lokale idrettslaget, som i det stille hadde planlagt litt av ein overaskingsfest for den heimkomne skiguten.

Rundt 170 frammøte, inkludert ordførar, folk frå ski-/idrettskrinsen og ein formasjon av born på ski stod klare då Skamo Hope blei geleida inn på samfunnshuset i Hyen.

– Det var eit tidspunkt eg kjente meg rørt, då eg såg så mange kjente fjes som hadde møtt opp, seier Skamo Hope.

Litt av ein gullsesong

I februar tok han gull på stafetten under junior-VM i Salt Lake City i USA. Leiar for idrettslaget i Hyen, Bjørn Rygg, fekk det då klart for seg at ein fest var på sin plass når Skamo Hope kom heim til Hyen i påska.

FORBILDE: Jon Rolf Skamo Hope blei mellom anna tatt imot av denne gjengen med ski på beina utanfor samfunnshuset.

FORBILDE: Jon Rolf Skamo Hope blei mellom anna tatt imot av denne gjengen med ski på beina utanfor samfunnshuset. Foto:

At det unge skitalentet også tok to gull under junior-NM i Harstad i mars, gjorde ikkje festen noko mindre fortent.

Klokka 14 denne onsdagen var Skamo Hope ferdig med ein lenger skitur. Så dukka det opp ein traktor utanfor huset hans.

– Eg hadde fått beskjed om at vi skulle noko klokka 14, ein bursdag for slektningar eller noko. Plutseleg venta det ein traktor utanfor huset mitt, som ein kompis køyrde. Eg lurte på kva i alle dagar vi eigentleg skulle. Då vi nærma oss samfunnshuset såg eg mykje bilar og folk utanfor, og då gjekk det opp for meg: dette må vere ein slags overraskingsfest, fortel Skamo Hope.

Fekk pengegåve og

FEKK GÅVE: Hallvard Nygård kom med fine ord og overrekte ei pengegåve på 5000 kroner til skiløpar Skamo Hope.

FEKK GÅVE: Hallvard Nygård kom med fine ord og overrekte ei pengegåve på 5000 kroner til skiløpar Skamo Hope. Foto:

Alle dei frammøtte på samfunnshuset følgde traktorseansen live på ein storskjerm inne i gymsalen. Når Skamo Hope nærma seg, gjekk dei ut for å ta han imot.

Deretter var det inn i gymsalen på samfunnshuset, der talar, helsingar, rømmegraut og spekemat stod på programmet. Skitalentet fekk overrekt ei pengegåve på 5000 kroner av Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad, og guten var til og med avbilda på ei diger marsipankake som blei sett til livs.

Skamo Hope seier han skal bruke påska til å lade opp batteria sine i heime Hyen. Deretter skal sesongen avsluttast med Skarverennet på Geilo den 22. april.

SAMLA MANGE: Bjørn Rygg, dagleg leiar for idrettslaget i Hyen, seier dei fekk samla 160-170 personar til overraskingsfesten.

SAMLA MANGE: Bjørn Rygg, dagleg leiar for idrettslaget i Hyen, seier dei fekk samla 160-170 personar til overraskingsfesten. Foto:

Artikkeltags