Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Debatten om kraftutvikling er vanskeleg, der ulike interesser må balanserast mot kvarandre. Ein god debatt er prega av meiningsbryting og kunnskap, og respekt for at også dei vi er usamde med har gode motiv.
Likevel ser vi at enkelte nyttar mykje spalteplass på å tilleggje Hydro motiv vi ikkje har.
Hva er egentlig Hydros intensjon med vindkraft?
Albert Berveling i For Folk og Fjell hevdar i fleire innlegg, seinast i eit innlegg i Firda 9. september, at Hydro «eigentleg» har andre motiv enn å utvikle industri når vi ønskjer å bygge Snøheia Industrikraft. Ifølge Berveling er Hydros motiv å tene raske pengar i kraftmarknaden, ikkje å trygge industriarbeidsplassar. Dette er feil.
Når Hydro tek til orde for at Norge må utvikle meir fornybar kraft er det fordi vi treng krafta til å sikre industrien vi har i dag og den vi ønskjer å byggje i morgon. Hydro bruker årleg rundt 17 TWh kraft i våre anlegg, med ein eigenproduksjon på litt over det halve. Gapet mellom vår eigen kraftproduksjon og forbruk på våre aluminiumsverk er dekka gjennom langsiktige kontraktar, der ei rekkje av desse går ut i 2030.
Skal vi oppretthalde produksjonen ved alle verka våre må vi i god tid før 2030 få inn vesentlege mengder ny kraft til prisar som er konkurransedyktige. Det blir særs vanskeleg i ein kraftmarknad der kraftforbruket går opp raskare enn kraftproduksjonen. Om denne utviklinga held fram, blir konsekvensen høgare kraftprisar. Difor ønskjer Hydro å utvikle kraft som vi skal knytte direkte til vår eigen industri gjennom langsiktige kraftavtalar. Med store variasjonar i kraftprisane mellom ulike regionar, er det ein klar fordel for industrien om kraftverka vi treng framover blir bygd i nærleiken av industrianlegga som skal nytte krafta. Å bygge kraft for å sikre og utvikle industri, er måten Hydro har arbeidd i Norge i snart 120 år.
Dei siste åra har Hydro investert nær 20 milliardar kroner i Norge. I Høyanger åleine har investeringane dei siste fem åra snart nådd 1 milliard kroner. Ved årsskiftet startar vi Høyanger Recycling, og vi skal vidare ved å utvikle pilotproduksjon av grønt hydrogen. I Årdal har vi no starta støypelinja PFA 1, oppgradert og modernisert med nyaste teknologi etter at linja ikkje har produsert i fleire år. Det gjev ny kapasitet på 30.000 tonn resirkulert aluminium og 14 nye arbeidsplassar. Det er siste i ei rekkje oppgraderingar og investeringar som er med å utvikle verket i Årdal.
Ved alle verka våre i Norge skal vi investere i ny teknologi for å kutte utslepp framover. Det vil skape ringverknader, og sikre industriarbeidsplassar for framtida. Det er desse investeringane vi vil trygge ved å sørge for at vi har nok kraft til prisar vi kan betale for aluminiumproduksjon, også etter 2030.
All kraftutvikling fører til dilemma og debatt. Å bygge kraftproduksjon som tryggar lokal industri og legg til rette for nye arbeidsplassar fører til bruk av areal som kan gi negative konsekvensar for naturen. Det er både legitimt og viktig at organisasjonar som For Folk og Fjell åtvarar mot miljøkonsekvensane ved kraftutvikling. Føresetnaden for å bygge ny kraft, anten det er vatn, sol eller vind, er grundige konsekvensutgreiingar gjort av uavhengige fagmiljø. Berre med kunnskapen på plass kan vi, og seinare dei folkevalde i kommunane, vurdere om det er forsvarleg å bygge.
Vi ønskjer difor konstruktiv dialog med alle aktørar, også For Folk og Fjell og Albert Berveling, som vi kjenner som ei aktiv eldsjel i sitt lokalsamfunn. Vi treng ikkje bli samde i alt, men vi kjem lengre med ein opplyst debatt utan å tilleggje andre motiv som ikkje finst.

Hydro med store framtidsvisjonar for Høyanger – om dei får bygge ut Snøheia Vindkraft
