Reiarlaget Halten Bulk frå Trondheim fekk nyleg 142 millionar kroner i støtte av Enova for å realisere to nye hydrogendrivne lasteskip, som er designa av The Norwegian Ship Design Company (TNSDC).

Med det har Førde-selskapet fem hydrogendrivne fartøy i «ordreboka».

– Dette er viktige kontraktar. Vi jobbar i ein bransje der ein ofte ikkje har så lang horisont. Ordrereserven gir oss tryggleik framover, seier prosjektutviklar hos TNSDC, Hans Kristian Dyrli.

– Det er veldig kjekt, men vi kviler ikkje. Vi køyrer full fart vidare.

Satsar på det grøne skiftet

Selskapet vart starta i 2019, og har på kort tid teke ein leiande posisjon på design av skip med hydrogen som drivstoff.

– Vi har satsa på ny teknologi og på å ligge i front på feltet. Kontraktane er ei bekrefting på at vi har fått ein sterk posisjon, seier Dyrli.

Dyrli fortel at dei bevist har satsa på det grøne skiftet frå starta.

– Verda står i eit teknologiskifte. Skal ein henge med, så må ein omstille seg. Det ligg store moglegheiter i dette grøne skiftet for bedrifter, viss ein er gode på sitt felt, seier Dyrli.

Ordrereserven deira tyder på at dei er det.

– Vi har vore heldige og har fått tak i flinke folk, seier Dyrli.

Han seier det er den eine sida av suksessformelen.

– Vi er også heldige som får jobbe med reiarlag som torer å vere med på å drive fram utvikling og nytenking, seier han.

Det er ikkje sjølvsagt i dagens verd, der utviklinga går raskt, og i mange ulike plan.

– «Alle» veit at det grøne skiftet kjem. Og alle ønskjer å vere med, men dei veit gjerne ikkje kva «hest» dei skal satse på, seier han.

«Hesten» dei har satsa på i dette tilfellet heiter hydrogen.

– For skipstypane vi no lukkast med er hydrogen det klart beste alternativet, seier han.

Dyrli fortel at dei også jobbar med fleire prosjekt der andre drivstoff er aktuelle. Til dømes ammoniakk, metanol og straum via batteri.

– Mange reiarlag ventar for å sjå kva retning som blir dominerande. Vi er så heldige å ha reiarlag som er tøffe nok til å ta eit val, seier han.

Dyrli seier dei trur hydrogen skal spele ei stor rolle i det grøne skiftet.

– Mykje fordi mange av dei andre alternativa inneber ei vidareforedling av hydrogen, som medfører ei fordyring, seier han.

Renessanse for seglskip

Dei nye skipa er ei vidareutvikling av deira eige konsept: «Powered by nature», utvikla i tett samarbeid med Egil Ulvan Rederi, som har felles management med bulkbåtane til Halten Bulk. Fartøya blir 100 meter lange og får eit lastevolum på nær 8000 kubikkmeter. Konseptet er hydrogendrivne skip, med rotorsegl.

– Vi trur drivstoff blir dyrare i framtida, seier han.

Dei har difor utvikla ei løysing som baserer seg på ei av verdas eldste energikjelder.

– Vårt design brukar vind som drivstoff. Dei to rotorsegla i vårt design gir vesentlege bidrag til framdrifta, seier han.

Dyrli seier vind bidreg med 30–50 prosent av energibehov til framdrift i snitt over eit år. I gode vindforhold kan skipa segle utan bruk av motor. Til dømes ved frisk bris til liten kuling eller meir vind):

– Så i praksis er det nesten tilbake til dei gamle seglskutene?

– Vi trur seglet får ein renessanse, sidan det er gratis energi, seier han.

Ved å utnytte vinden direkte blir det også mindre energitap.

– Om du brukar ei vindmølle til å produserer hydrogen er energitapet på 70–80 prosent. Vi brukar vinden direkte, til å spare hydrogen, forklarar han.

Sidan hydrogen er eit plasskrevjande drivstoff, er dette mest egna til nærskipsfart, langs kysten til dømes.

– Der ein har høve til å bunkre drivstoff ofte, seier Dyrli.

Det skal byggast fem nye produksjonsanlegg for hydrogen langs norskekysten innan 2025. Truleg også ved HyFuel sitt planlagde produksjonsanlegg i Florø.

– Skipa vil i starten bruke ein kombinasjon av 70 % hydrogen og 30 % marin gassolje. Når det kjem fleire bunkringsstasjonar, vil andelen hydrogen auke, samtidig som ei ventar meir konkurransedyktige hydrogenprisar i marknaden i åra som kjem, seier Dyrli.

I tillegg til dei fem hydrogenprosjekta dei har jobbar dei også med eit nullutslepps batteriferje og dei har også fleire ombyggingsprosjekt til heilelektrisk nullutsleppsfartøy og hybride lågutsleppsfartøy.