Avtalen sikrar leveransen av totalt 6,6 TWh fornybar kraft over 15 år til Hydros anlegg i NO3 (Nordvestlandet og Trøndelag) frå Statkrafts kraftverk i prisområdet, skriv Statkraft i ei pressemelding.

Leiar for Hydros aluminiumsverk Ola Sæter, seier avtalen gjer det mogleg å leggje langsiktige planar.

– Hydro har eit stort kraftbehov framover, og fleire av dei eksisterande kraftavtalane våre byrjar å gå frå ut 2030. Denne avtalen er eit viktig steg for å sikre noko av denne krafta og mogleggjere vidareutvikling av aluminiumsverka våre i Norge, inkludert satsing på CCS og ny teknologi, seier han i pressemeldinga.

Samtidig understrekar Sæter at selskapet framleis har eit stort behov for ny kraft til anlegga. Denne avtalen legg med andre ord ikkje planane om 50 vindturbinar i fjellheimen mellom Sunnfjord og Høyanger på is.

– Det er viktig at det blir bygd ut meir fornybar energi slik at dette kan sikrast, seier han.