Hydro Høyanger med overskot på 30 millionar kroner

FØRSTE KVARTAL: Arne-Martin Kjærland kan vise til eit positivt første kvartal av 2020 for Hydro Høyanger.

FØRSTE KVARTAL: Arne-Martin Kjærland kan vise til eit positivt første kvartal av 2020 for Hydro Høyanger. Foto:

Trass i ein relativt svakt marknad leverer Hydro Høyanger eit positivt resultat i første kvartal.

DEL

– Produksjonen er stabil og kvalitetsmessig veldig god. Vi har ingen klager eller reklamasjonar så langt i år frå kundane våre. Resultatet vårt er påverka negativt av salsvolum og positivt av låg råvarepris og svak kronekurs. I kombinasjon med god kostnadskontroll gir dette oss eit positivt resultat, seier fabrikksjef Arne-Martin Kjærland i ei pressemelding.

Onsdag presenterte Hydro Høyanger tala for første kvartal, og dei viser at dei har eit overskot på 30 millionar kroner før renter og skatt.

Dei har også merka fleire utfordringar med den nye arbeidskvardagen COVID-19 har skapt, med eit tydeleg fall i etterspurnaden. No jobbar dei for å sikre eit trygt arbeidsmiljø, støtte lokalsamfunnet, behalde verksemda og sikre likviditet.

– Trass i ein ny kvardag har vi halde ved lag ei stabil og sikker drift. Grunna stor reduksjon i ordre frå våre kundar blei det i dialog med dei tillitsvalde vedteke å justere ned bemanning i støyperiet frå sju til fem tilsette per skift. Dette gjennomførast i løpet av april, og råkar berre midlertidig tilsette, seier Kjærland.

Vidare fortel han at dei har iverkesett ei rekke smittevernstiltak koordinert med lokale arbeidsgrupper og Hydro sentralt. Kjærland er også veldig takknemleg for lojaliteten til dei tilsette.

– Alle dei tilsette ved Hydro Høyanger har vist ein sterk lojalitet til alle tiltak og endring som har vore innført på veldig kort tid. All honnør til våre medarbeidarar som har vist stor fleksibilitet og høgt fokus på sikkerheit i ein krevjande og ny arbeidskvardag, seier fabrikksjefen.

Artikkeltags