Hybridsnøggbåtar på lokalruter i ein overgangsfase

Av
DEL

Eit samrøystes fylkesutval i Vestland har vedteke anbodskonkurranse på låg- og nullutsleppsbåtar på lokale samband i kommunane Bremanger, Kinn, Vik og Høyanger. Det blir konvensjonell drift frå 2022 til 2024, før ein i 2024 skal starte opp drift med hybride båtar.

– Vi har høge ambisjonar for betre klima og er no klare for anbodskonkurranse med nullutsleppsteknologi, seier fylkesordførar Jon Askeland i ei pressemelding. Fylkesutvalet vedtok torsdag anbodsplanen for nye hurtigbåtar på lokalbåtsambanda i tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

Kva for ambisjonsnivå det vil bli for hybridgraden, blir lagt fram som politisk sak seinare i haust. Marknaden for låg- og nullutsleppsteknologi er i rask endring.

Fylkesordføraren er klar på at hovudoppgåva til snøggbåtane er å stette dei daglege behova til innbyggjarane.

– Målet vårt om funksjonelle snøggbåtar utan utslepp står fast, men for å sikre drifta, ha fleksibilitet og auka rekkevidde ser vi at vi i ein overgangsperiode må ha båtar med hybride løysingar. Utsleppa vert uansett svært låge, og det er opp til leverandørindustrien å visa kor raskt dei er klare til å levere, seier Askeland.

Saka om nye snøggbåtar på sambanda mellom Sogn og Fjordane og Bergen vart utsett og kjem opp igjen i neste fylkesutval 29. september.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken