«Hver gang vi møtes» fekk Eva (34) til å opne opp om privatlivet – og syngje på norsk

JUBILEUMSSESONG: Eva Weel Skram frå Sogndal skal vere med i TV2 si jubileumsutgåve av «Hver gang vi møtes».

JUBILEUMSSESONG: Eva Weel Skram frå Sogndal skal vere med i TV2 si jubileumsutgåve av «Hver gang vi møtes». Foto:

Av

At Eva Weel Skram var med i femte sesong av «Hver gang vi møtes» vart ikkje berre eit karrieremessig vendepunkt: I TV 2s musikkreality opna ho òg for første gong opp om privatlivet sitt.

DEL

– Fram til då hadde eg verna veldig om privatlivet mitt. I «Hver gang vi møtes» følte eg meg trygg på at den private historia mi ville bli forvalta på ein god måte. Det var sjølvsagt skummelt der og då, men responsen i ettertid betydde veldig mykje for meg, seier Weel Skram.

No skal ho og 28 andre musikkprofilar som tidlegare har vore å sjå i «Hver gang vi møtes» gjennom åra, delta i ei eiga jubileumsutgåve – på grunn av at tiande sesong blir å sjå på TV 2 i haust.

– Eg gler meg veldig til å komme tilbake til garden og vere med i jubileumssesongen. «Hver gang vi møtes» var med på å gi meg eit skikkeleg løft som artist. Til då hadde eg og Thomas (Stenersen) hatt ein periode på ti år med Eva & The Heartmaker med berre engelskspråkleg musikk. Eg hadde aldri sunge på norsk før, så då var det veldig stas å vere med så mange artistar med norskspråkleg musikk og få syngje på eigen dialekt, seier Eva Weel Skram i ei pressemelding.

– Det kan snu

Ho har akkurat sleppt låten «Sånt som Elvis syngje om», om kor viktig det er å ha minst éin venn. Tidlegare har Eva Weel Skram vore open om at ho i barndommen opplevde både mobbing og utestenging på kroppen. Derfor har ho dedisert sin nye lét til alle som skal tilbake på skulen – med ein bodskap om at det kan snu:

– 20 år etter at eg hadde den første skuledagen min på siste året av ungdomsskulen, har eg framleis klart for meg synet av den nye jenta i klassen. Ho som skulle bli den beste vennen min og veg ut av einsemda, og som eg framleis er nær venn med den dag i dag. Ein gong iblant er alt som skal til eit nytt fjes, eit smil og eit lite hei.

Desse blir med

Måndag gjekk TV 2 ut med den fullstendige lista over jubileumsartistar, som omfattar desse namn:

Silje «Silya» Nymoen, Tshawe Baqwa, Øyvind «Vinni» Sauvik, Sigvart Dagsland, Christel Alsos, Halvdan Sivertsen, Bertine Zetlitz, Eva Weel Skram, Jan Eggum, Pål «OnklP» Tøien, Jonas Fjeld, Inger Lise Rypdal, Philip «Admiral P» Boardan, Wenche Myhre, Marion Ravn, Morten Abel, Hans Petter Aaserud, Magnus Grønneberg, Øivind «Elg» Elgenes, Åse Kleveland, Unni Wilhelmsen, Sol Heilo, Odd Nordstoga, Kurt Nilsen, Henning Kvitnes, Frida Ånnevik, Chris Holsten, Bjarne Brøndbo og Elisabeth «Bettan» Andreassen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken