Hus brann ned til grunnen i Florø i natt

OVERTENT: Tomannsbustaden i Lyngvegen i Florø var ikkje mogleg å berge då flammane tok overhand natt til laurdag.

OVERTENT: Tomannsbustaden i Lyngvegen i Florø var ikkje mogleg å berge då flammane tok overhand natt til laurdag. Foto:

Brannvesenet jobbar framleis med ettersløkking laurdag morgon, etter at ein tomannsbustad brann til grunnen natt til laurdag. Totalt tretten personar måtte forlate heimane sine. Ni frå tomannsbustaden og fire frå nærliggande bustader.

DEL

Eit bustadhus i Lyngvegen i Florø brann til grunnen natt til laurdag.

Politiet fekk melding om brannen fredag klokka 23.39. Ti minutt seinare var politiet på staden og melde om mykje røyk i området.

Like over midnatt melde politiet at brannvesenet var i gang med sløkking, men huset var allereie overtent.

– Utfordringa i natt var mellom anna at det var mykje vind. Brannen var krevjande å få kontroll på, seier innsatsleiar Øystein Russenes til Firda laurdag morgon.

Han opplyser at huset vart totalskadd i brannen.

Tretten evakuerte

– Det var også krevjande med tanke på naboar som måtte evakuerast, seier Russenes.

Ni personar kom seg ut av den brennande tomannsbustaden og vart tekne vare på av helsepersonell. Utover kvelden måtte totalt 13 personar forlate heimane sine. Ingen av desse skal vere skadde.

– Vi har ikkje oversikt over kva for deler av bustaden dei oppheldt seg i. Vi har ikkje melding om nokon skadde så langt, men enkelte brannfolk har fått i seg litt røyk, sa operasjonsleiar Steinar Hausvik til NTB i natt.

Brannfolka fekk også tilsyn av helsepersonell.

Startar etterforsking

Kvart på eitt melde politiet at brannvesenet heldt på med kontrollert nedbrenning. Då var det heller ikkje lenger spreiingsfare.

Brannvesenet heldt fram med å sikre branntomta utover natta.

Tidleg laurdag morgon melder politiet at brannvesenet framleis jobbar med ettersløkking. Politiet reknar med å gjere sine undersøkingar i løpet av laurdagen.

– No etterforskar vi brannen på vanleg måte med avhøyr og undersøkingar, seier Russenes til Firda.

Artikkeltags