– Vi er allereie i gang med etterforsking, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tom Johannessen.
Klokka 17.10 torsdag ettermiddag vart det meldt ifrå om ein brann i ein eldre einebustad i Barlindbotn i Eikefjord.
Johannessen fortel at vitne skal ha sett flammane frå avstand, og at dei då ringte inn til alarmsentralen. Då brannvesenet kom til staden var huset overtent.
Det var på eit tidleg tidspunkt uvisst om det budde nokon i huset, eller om det hadde vore nokon der då det brann.
No fortel operasjonsleiaren at dei har vore i kontakt med eigaren av huset, som seier at det ikkje er grunn til å tru at nokon skal ha vore i bustaden då det starta å brenne.
– Huset er ikkje busett. Det skal ikkje vere i bruk i det heile tatt, men det er framleis tilknytt straum, seier han.
Om det dreier seg om ein elektrisk brann er for tidleg å seie. Johannessen fortel at politiet vil følge opp saka, og at det vil bli gjort både avhøyr og tekniske undersøkingar. Patruljen på staden har allereie komme i gang, og har avhøyrt fleire vitne på staden.