Hurtigruten vil droppe Stad skipstunnel

NEI FRÅ HURTIGRUTEN: Hurtigruten har no informert om at dei vil droppe Stad skipstunnel.

NEI FRÅ HURTIGRUTEN: Hurtigruten har no informert om at dei vil droppe Stad skipstunnel. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKIPSFART: Legg til grunn at dei har passert Stad nesten 12.000 gonger utan problem.

DEL

Det kjem fram av eit brev Hurtigruten har sendt til Samferdselsdepartementet, Kystverket og prosjektorganisasjonen som jobbar med Stad skipstunnel. Det melder nettstaden E24.no måndag.

I brevet peikar dei på at det er ei stor omlegging av reiseruta, manglande turistappell og frykta for ein tunnelbrann som gjer at dei droppar tunnelen.

Kommunikasjonssjef Rune Thomas Ege i Hurtigruten seier til E24 at dei i løpet av dei siste 15 åra har passert Stad nær 12.000 gonger utan problem.

– Mindre enn ein handfull gonger i året vurderer vi at vêrforholda er så dårlege at vi ikkje kan passere Stad.

Artikkeltags