Hurtigruten vil droppe Stad skipstunnel. Havila Kystruter er ueinig

JA FRÅ HAVILA: Hurtigruten har sagt nei til Stad skipstunnel, men konkurrenten Havila Kystruter seier ja.

JA FRÅ HAVILA: Hurtigruten har sagt nei til Stad skipstunnel, men konkurrenten Havila Kystruter seier ja. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SKIPSFART: Hurtigruten vil droppe Stad skipstunnel. Det vil ikkje konkurrenten, Havila Kystruter, som vil bruke tunnelen.

DEL

Direktør Arild Myrvoll i Havila Kystruter stiller seg positiv til bygginga av skipstunnelen, fordi éin prosent forseinkingar rundt Stadt er for mykje. Det melder Dagens Næringsliv.

– Passasjerar vil nok også sette pris på sikkerheita som ligg i å sleppe å gå rundt Stad i storm, seier direktøren til Dagens Næringsliv. Han peiker på tidlegare dramatiske hendingar ved Stad.

Hurtigruten og Havila Kystruter skal frå 2021 dele skipstrafikken Bergen–Kirkenes. Tidlegare har Hurtigruten hatt monopol på strekninga. No skal dei drifte sju skip, medan Havila Kystruter skal drifte fire.

Uroleg for sikkerheit

Hurtigruten er derimot urolege for sikkerheita ved ein slik skipstunnel. Dei peikar på at det er ei stor omlegging av ruta, manglande turistappell og fryktar for farlege situasjonar inne i tunnelen. Det kjem fram i eit brev til Samferdselsdepartementet, Kystverket og prosjektorganisasjonen som jobbar med Stad skipstunnel.

Det er ikkje løyvd pengar til å starte bygginga av tunnelen, verken frå Nasjonal transportplan eller statsbudsjettet. Prosjektleiinga arbeider for å gå Hurtigruten sine innvendingar i møte.

– Eg opplever ikkje at dette er spikaren i kista for skipstunnelprosjektet, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til Dagens Næringsliv.

Artikkeltags