Gå til sidens hovedinnhold

Hurtigbåtverft støttar offensivt klimavedtak

Artikkelen er over 1 år gammel

Fylkesutvalet i Vestland har vedteke å fase inn nullutsleppsløysingar for hurtigbåtane i fylket så fort som mogleg. Hurtigbåtverftet Brødrene Aa støttar avgjerda.

– Vi er veldig einige i at dei ikkje skubbar dette ut i tid for det finst løysingar i dag, dei må berre stille krav til næringslivet, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa til Nett.no.

Kontraktane på strekningane som skal lysast ut på anbod av Vestland skal gjelde frå 2022 og båtane som skal trafikkere dei får ei overgangsperiode på to år før nullutsleppskravet kjem.

Aa seier dei har batteriløysingane klare, men han trur fristen kan bli i knappaste laget for eit hydrogenalternativ.

Brødrene Aa leier ei av i alt fem industrigrupper som har utvikla kvart sitt konsept for hurtigbåtar utan utslepp.

Også miljøstiftinga Zero jubla over vedtaket.

– Det vil bli det første anbodet i verda, vi veit om, som stiller krav til utsleppsfrie hurtigbåtar, sa teknologiansvarleg Marius Gjerset i Zero til Nynorsk pressekontor onsdag.

Kommentarer til denne saken