Vi var til Førde og handla inn nødvendige matvarer for å stille svolten her om dagen. På veg heim fann vi ut at vi skulle køyre innom medlemskjøp på Nortura.

Vi ville gjere vårt for å redusere fryselageret av kjøt hjå Nortura. Det er ei synd og skam om dyrebare råvarer skal gå tapt.

Vi rekna med at kjøtet, til liks med oss, kom frå våre kantar. Det kan jo ikkje vere naudsynt å frakte slike råvarer langt?

Det ligg no attpå til litt i namnet på butikken: Medlemskjøp, hos Nortura. Norske bønder sitt eige samvirke.

Vel inne i butikken såg vi ein stor dyreskrott som vart skoren ned av kyndige kutt med kniven, frå dyktige fagfolk. Det var liten tvil om at vi var kommen til sjølve Mekka av norskprodusert kjøt.

Kven veit: kanskje var det vår eigen leveranse av oksekjøt som vart skåre ned i flotte kjøtstykke? Kortreiste, flotte råvarer.

Du kan tru merkelappen baud på ei overrasking!

Vi plukka med oss både pølse, pålegg og bacon. Vi tok også med nokre pakkar med indrefilet, det kunne jo vere stas til søndagsmiddag. Vi betalte og reiste heim, pakka ut varene og skulle legge dei i frysen.

Det var då vi oppdaga det heilt utrulege: På sjølvaste Nortura i Førde hadde vi fått indrefilet som hadde følgjande ord på merkelappen:

Opprinnelse i Botswana

Slakta i Botswana

Skåret ned i Botswana.

Så fort den største overraskinga hadde lagt seg, lurte vi på kva gjer vi no?

For kva veit vi om kjøtproduksjon i Botswana? Ingen ting!

Skal vi steike det godt og gi det til hunden? Det var vi i uvissa på. Vi er jo glad i kjøteren og det ville vere trasig om han vart sjuk og døydde.

Sporbarheita på kjøt er vel kanskje ikkje heilt enkelt heller. Etter eit søk på Google Maps med reiserute Guddal – Botswana var svaret: «Finner ikkje noko rute dit». Men indrefileten har no likevel funne vegen til frysedisken på Nortura i Førde.

Kva veit eg om norsk kjøt levert til Nortura:

1. Når dyrebilsjåføren kjem, blir alle dyr sjekka for om dei er transport dyktige/friske. Om ikkje må dei stå igjen.

2. Eg må signere på att dyra ikkje har vore behandla med noko form for medisin.

3. Eg må ha helsekort for kvart enkelt dyr, med informasjon om all behandling av kvart dyr frå fødsel til slakt.

4. Eg må ha ein del godkjenningar i forbindelse med drifta eller KSL som dei kallar det.

5. Når dyra kjem til Førde kontrollerer folk frå mattilsynet dyra før slakt. Skulle det vere avvik får vi som produsentar tilsendt både bilde og tekst om krav for å ha dyrehald.

6. Når dyra vert avliva, og vidare i løpet, har nok Nortura gode rutinar og strenge krav som må følgast. Eg har ikkje kunnskap om det.

Av og for norske bønder

I jakta på meir kunnskap, tasta eg inn Nortura.no, i nettlesaren min.

Slik beskriv dei seg kortfatta:

«Nortura er bondens eget selskap og et samvirke som eies av om lag 17.000 norske bønder.»

Det står saman med logoen på sida: Bondens selskap. Det første som møter meg, er følgjande slagord: «Mat frå norske råvarer – det beste frå norsk natur». I ein høveleg grøn og fin farge, som jo speglar det norske landbruket fint. Og det står mykje fint på sida om både norsk landbruk, norske bønder og om kjøtproduksjonen her til lands. Som ein truleg kan vente.

Eg skal ikkje påstå eg har lese gjennom alt, men ingenstad fann eg slagordet: Biff frå Botswana, rett til bondens middagsbord.

Etter litt søking, viser det seg at det er 9462 km frå Førde til Botswana. Det verkar langt å køyre kjøt, som ein tydelegvis ikkje får vite så mykje om, når det blir levert kjøt av beste kvalitet, frå både Fjaler, Sunnfjord, Nordfjord og Sogn.

No i desse klima og miljøtider lurer eg på korleis kjøt frå Botswana slår ut på klimakalkulatoren. Eg går ut frå at kyr i Botswana slepp ut tilsvarande mykje gass som norske kyr. I tillegg skal kjøtet fraktast ca. 10 000km.

Konklusjon: om norsk kjøt veit eg ein heil del. Om kjøt frå Botswana veit eg ingen ting. Det er truleg eit fint land, men eg vil helst ha kjøt eg kjenner livsløpet til, frå fjøs til matbord. Når vi importerer kjøt og må redusere eigen produksjon, kan vi då få problem med eigen beredskap?

Les også

– Prisauke tilsvarande ein halv pakke tyggegummi per dag

Les også

Det importerte osteberget