– Eg er ufatteleg glad for at vi får dette til, seier John Helge Lunde.
Saman med sivilarkitekt Christina Kvamme frå X-form, inviterte han ulike aktørar i bybildet til eit lunsjmøte fredag. Der informerte han om status for prosjektet Vidsyn – eit prosjekt som har vore under arbeid i mange år.
Endeleg kunne han annonsere at installasjonen kjem.
– Vidsyn går ut på anbod innan kort tid, sa Lunde.
– Og då mi oppfatning av kort tid – ikkje kommunen si, la han til for ei humrande forsamling.
Sjå illustrert video av prosjektet lenger nede i saka.
Nytt og betre Vidsyn
Ideen om å lage ein installasjon på Hafstadkleiva vart fødd allereie under arbeidet med bystien. Det er nemleg Stiftinga bystien – Førde byutvikling som står bak.
Medan dei jobba iherdig med å realisere den mykje brukte turstien, gjorde dei seg nokre tankar om korleis ein kunne utnytte det potensialet Hafstadkleiva har. Dei ønskte å lage eit utkikkspunkt som også ville fungere som eit identitetsmerke for byen.
I desember 2016 fekk dei den første store pengegåva: 750.000 kroner frå Sparebanken Vest.
– Dette er fantastisk, og langt meir enn ei byrjing. No blir det realisert, sa John Helge Lunde til Firda den gong.
Men så vart det brems.
Bystien hadde kravd mykje ressursar, og vart i stor grad finansiert av innbyggarane. Stiftinga klarte ikkje å samle inn nok pengar til å få prosjektet opp og gå. I dag seier Lunde at han på mange måtar er glad for det.
– Vidsyn slik prosjektet er i dag, er mykje betre enn det vi hadde den gong. Christina Kvamme har gjort ein fantastisk jobb, seier han.
Vil lage eit identitetsmerke
Kvamme har god erfaring med å jobbe på slike identitetsprosjekt. I tillegg til å jobbe med Bystien, har ho på oppdrag for Høyanger kommune jobba med å gi dei historiske trappene eit nytt liv.
Ho laga også den første utgåva av Vidsyn, og har sidan utarbeidd eit heilt nytt alternativ.
– Vidsyn er kanskje liten i form, men vi trur at Vidsyn kan få stor betydning som identitetsmerke for Sunnfjord, sa ho då ho tok ordet under møtet.
Medan Kvamme viste fram eit galleri av illustrasjonar, fortalde ho korleis stiftinga ser føre seg at bygget både vil sjå ut og korleis det vil bli brukt. Tanken er at det skal vere eit trekkplaster, som på ein moderne måte vil fortelje historia til Førde, og den utviklinga som har skjedd her.
Viss Kvamme og stiftinga får det som dei vil, skal det nemleg vere mogleg å skanne ein QR-kode på mobilen, som gir brukaren tilgang på historier om hendingar og menneske som har vore med å forme Førde.
Gir ytterlegare éin million kroner
I dag har prosjektet fått ei samla finansiering på om lag 2,2 millionar kroner. Allereie i møteinvitasjonen kunne Lunde fortelje at dei nyleg fekk ei stor pengegåve som gjer opp nesten halvparten av denne summen, men kven det var stod det ingenting om.
Tore Dvergsdal og Jørgen Follevåg Mjelleli frå Sparebanken Vest var dei som fekk gleda av å kunne overrekke ein sjekk på éin million kroner fredag. Det kjem i tillegg til dei 750.000 kronene dei gav i 2016.
– Eg har jo lurt litt på når vi får brukt dei pengane som vart gitt den gong. Vi ønsker sjølvsagt at prosjekta vi støtter skal bli realisert, og er svært positive til Vidsyn. Derfor ønsker vi å gi meir, sa Dvergsdal.
Millionane som er samla inn, er nok til å lage sjølve installasjonen. Likevel håpar Lunde og Kvamme at dei klarar å skaffe meir. Viss dei skal kunne bruke pengar på historieforteljinga og lage eit uteområde rundt sjølve bygget, er kostnadsramma nemleg tre millionar kroner.
Vil vise Førde i sosiale medium
Vidsyn skal stå på flata på toppen av dei 176 trappetrinna i starten av bystien.
Her får ein god utsikt, tett på byen. Fokuset for slike installasjonar er ofte naturen, men folka bak prosjektet ønsker at det er byen som skal vere stjerna denne gong.
Sivilarkitekt Christina Kvamme viser korleis Vidsyn vil sjå ut.
Håpet er at både innbyggarar og tilreisande skal bruke tilbodet hyppig.
– Sosiale medium er blitt ein del av vår tids kultur. Effekten av det er stor, og vi trur at Vidsyn vil vere ei god ramme for sosiale medium, seier Kvamme.
Ordførar Jenny Følling, som også var til stades under møtet er einig. Ho seier at ho har stor tru på prosjektet, og meiner at Vidsyn er med på å synleggjere dei urbane kvalitetane vi har.
At sosiale medium er eit viktig element, er ho ikkje i tvil om.
– Det er gir ein motivasjon til å bruke ulike område og installasjonar. Sjå på rammene i Jølster, til dømes; folk bruker dei utruleg mykje. Sjølv har eg eit bilde med alle rammene som er sett opp, seier ordføraren.
Håpar å vere i gang allereie i sommar
Neste steg i prosessen er å lyse ut Vidsyn på ein anbodsrunde.
Sjølv om det er Stiftinga bystien – Førde byutvikling som har utarbeidd konseptet på dugnad, vil det vere Sunnfjord kommune som er byggherre – slik som det vart gjort med bystien.
Det er dei som vil drifte Vidsyn når bygginga er ferdig.
Naturleg nok kom ein i samband med dette inn på lysa i bystien – som over lengre tid har vore mørke. Ordføraren fortel at kommunen allereie er i gang med å teste ut ulike løysingar, og at ho håpar dei snart er på plass. Lysa frå bystien og lyssettinga på Vidsyn vil danne eit blikkfang, som blir synlege frå fleire stader i Førde.
Og når vil Vidsyn vere klar til bruk? Eit klart svar er umogleg å gi enno, men Lunde er optimistisk når det kjem til tidsperspektiv.
– Eg håpar at vi er i gang pluss minus sommaren, seier han.

Her blir Vidsyn ein realitet
