Både laksebransjen, partane i arbeidslivet og fiskarlaget har meldt seg på når Stortinget skal lytte til innspel om grunnrenteskatten på havbruk.

Den omdiskuterte skatten vart innført frå 1. januar i år, men akkurat korleis regjeringa vil ho skal sjå ut, vart først kjent like før påske.

Måndag skal finanskomiteen på Stortinget lytte til munnlege innspel frå fleire aktørar i arbeidet med å behandle regjeringsforslaget.

Programmet for høyringa viser at både NHO, LO og KS har meldt seg på. Også Sjømat Norge, Sjømatbedriftene, Norges fiskarlag, Fiskebåt, Nettverk Fjord og kystkommunar og fleire andre skal gi innspel til politikarane om skatten.

Blant dei som kjem for å seie si meining, er også tidlegare fiskeriminister Harald Tom Nesvik, som no er styremedlem i Global Aquaculture Tech Hub.

Regjeringa har sagt at dei ønskjer eit breitt forlik om skatten, men det spørst om dei får med seg til dømes Høgre på dette.

Grunnrenteskatten var ute på skriftleg høyring før regjeringsforslaget vart lagt fram 28. mars. Det siste forslaget går ut på ein skattesats på 35 prosent, lågare enn 40 prosent som først vart føreslått.

(©NPK)