Her blir det kolonnekøyring nesten til jul

PERIODEVIS STENGD: Frå 13. mars vil denne tunnelen vere stengd på dagtid i periodar.

PERIODEVIS STENGD: Frå 13. mars vil denne tunnelen vere stengd på dagtid i periodar. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

HØYANGER: Høyangertunnelen skal oppgraderast. Då må du bu deg å vente.

DEL

Frå måndag 13. mars stenger Høyangertunnelen på dagtid på grunn av montering av nytt lysanlegg, ventilasjon, radio og naudnett.

Arbeidet startar klokka 07.00, og held på fram til 17.00 frå måndag til fredag. Laurdag og søndag er det fri ferdsel.

Det blir kolonnekøyring ved desse tidene: 07.40, 08.15, 09.20, 10.50, 12.20, 13.45, 14.55, 16.00, 16.40. Utrykkingskøyretøy kan passere til ei kvar tid.

Rehabiliteringsarbeidet vil halde fram til desember, melder Statens vegvesen.

Artikkeltags