Full utrykking til tunnel i Høyanger

Full utrykking: Brannvernet rykte ut frå Høyanger, men på grunn av arbeid i Kvernhaugtunnelen som ligg nærast Høyanger, så vart det ventetid der medan maskinene inne i tunnelen flytta seg.

Full utrykking: Brannvernet rykte ut frå Høyanger, men på grunn av arbeid i Kvernhaugtunnelen som ligg nærast Høyanger, så vart det ventetid der medan maskinene inne i tunnelen flytta seg. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

HØYANGER: Bilist mista hjul inne i Hovdetunnelen.

DEL

– Det var eit uhell med ein trafikant som mista eit dekk, fortel Frode Eide, vaktleiar på 110-sentralen.

Uhellet skal ha skjedd inne i Hovdetunnelen i Høyanger.

– Dekket slo opp i eit brannskap, som gjorde at apparatet kom ut av stilling. Hos oss kom det då ein automatisk alarm om at apparatet var fjerna, seier Eide.

Uttrykking

Brannmannskap frå Høyanger har deretter rykka ut.

– Klokka 13:55 kom alarmen inn til oss. Folk som jobbar med tunnelarbeid i Kvernhaugtunnelen fekk sjekka skapet med brannapparatet allereie før vi kom til staden, seier Eide.

Politiet sin operasjonssentral har fått inn meldinga om at det var eit brannskap som var opna, men dei har ingen ytterlegare informasjon. 

Tunnelen er open

Tunnelen vert automatisk stengd når eit brannapparat vert fjerna. Ken Ove Holm trafikkoperatør ved Statens vegvesen kan informere om at tunnelen vart opna igjen klokka 14:27. No skal det ikkje vere noko hindring i vegen.

Artikkeltags