Gå til sidens hovedinnhold

Monika og Jens vann fram trass motstand frå vegvesen og kommune

Artikkelen er over 6 år gammel

Eldsjelene Monika Sunde Tjønnås og Jens Friis starta i 2009 underskriftsaksjon for å få trafikken på E39 ut av Lavik sentrum.

– Dette er ein gledeleg og historisk dag for alle som bur i Lavik, seier Monika Sunde Tjønnås etter at ferjekaien i Lavik tysdag vart offisielt opna av statssekretær Tom Cato Karlsen (FrP) i samferdselsdepartementet. Litt tidlegare på dagen vart òg den nye ferjekaien på Oppedal i Gulen kommune offisielt opna.

Strid og usemje

Medan bygginga av ny ferjekai på Oppedal har vore rein «plankekøyring», har det vore strid og tallause omkampar om kvar vegen frå den nye ferjekaien i Lavik skulle gå.

I 2002 vedtok Høyanger kommunestyre at vegen skulle gå i ein ny trase langs fjorden, men i 2005 gjorde Høyanger kommunestyre eit nytt og eit «endeleg» vedtak om at vegen skulle gå i eksisterande trase i den vidgjetne «Griserumpa».


– Det var eit forrykande engasjement i Lavik om dette spørsmålet. Næringslivet i sentrum ville at E39 skulle gå der den alltid hadde gjort, fordi dei var redde for å miste handel dersom vegen vart lagt langs med fjorden, fortel Jens Friis som saman med Monika Sunde Tjønnås gjekk i front for å få saka opp til ny handsaming i Høyanger kommunestyre.


– Vi ville ikkje ha E39 – med stadig aukande trafikkmengde – som ei trafikkfelle gjennom sentrum, der alt låg på «feil» side samanlikna med kvar folk budde. Det einaste fornuftige var å få vegen ut av sentrum. Det vil seie veg langs fjorden.

Men det skulle ikkje bli enkelt å få saka opp til ny politisk handsaming i kommunen.

– Vi prøvde først å spele saka inn via dåverande ordførar, men vi merka fort at det ikkje var miljø og stemning for å få saka opp på ny.

Takkar Frank Willy Djuvik

Løysinga kom frå uventa hald under eit politisk møte på Lavik skule i 2009.


– Det var ein krevjande og fastlåst situasjon, heilt til Frank Willy Djuvik deltok på eit møte på skulen her i Lavik. Han kunne fortelje om ei ordning i Kommunelova som gjorde at dersom vi greidde å samle inn minst 300 underskrifter, vart kommunestyret nøydde til å handsame saka på nytt. Så hadde ikkje Djuvik vore på dette møtet er det ikkje sikkert at vegen hadde gått langs strandlinja i dag, seier Tjønnås med eit smil.


Ifølgje Tjønnås gjekk det lett å samle inn underskriftene som måtte til, og i april 2010 gjorde Høyanger kommunestyre nytt vedtak om at E39 gjennom Lavik skulle følgje strandlinja.


– Eg vart veldig glad over det vedtaket, og eg er minst like glad over å sjå det fantastisk flotte og framtidsretta kai- og veganlegget vi har fått!


No gler både Tjønnås og Friis seg saman med resten av bygdefolket i Lavik over striden er historie, og at ein no finn fylkets to største ferjekaiar på kvar si side av Sognefjorden, høvesvis i Lavik og på Oppedal.


– Når opprustinga av sentrum er ferdig, vil Lavik bli den vakraste innfallsporten til Sogn og Fjordane! slår Tjønnås fast.

Kommentarer til denne saken